G14 Rosendal/Uskedal – Røldal (7-er) 16-2

Med 13 gutar klare for 7-er fotball i kveld, hadde vi fokus på å ta denne kampen som trening til Eidfjord cup og Norway cup, der vi også skal spela 7-er fotball. Vi var forberedt på at Røldal ikkje ville gje oss den heilt store motstanden, og vi hadde mål om å få til eit raskt pasningsspel og gjera kvarandre gode .



Vi har fortsatt ein del å gå på der, men det var alikevel mykje bra, som bl.a. viste igjen med mange på både scoringslista (m)og med assist (a) i kveld: Sondre (8m/1a), Kristoffer (1m/4a), Torgeir (1m/2a), Mathias (1m/2a), Emil (1m/1m), Erlend (1m), Ørjan (1m), Jarand (1m), Espen (1m) og Kristian (1a).
Vi hadde tre gode  keepere (Ian, Martin og Ørjan) der spesielt Ørjan hadde mange sterke reaksjonsredninger. Det er ei veke til neste heimakamp (mot Njardar/Tysnes) som også er 7-er kamp, og då bør vi heva oss eit par hakk mot ein betydelig sterkare motstander.

Yngve