G14 Rosendal/Uskedalen-Harding: 5-1
I kveld var det utsatt kamp mot eit Harding lag som har utvikla seg voldsomt positivt den siste tida. Eit lag som bare for ca. ein mnd. sidan tapte klart for Trio og no nylig slo Trio med klare siffer. Dei heldt og på å stela poeng frå oss då vi nylig hadde vår bortekamp mot dei, så vi var ikkje i nærheten av å undervurdera dei i kveld. Tvert i mot hadde vi fokus på at dette blei nesten som ein finale i forhold til å dra i land sigeren i pulja. Med Njardar/Tysnes like bak oss på tabellen og som ein svært vanskelig motstandar i siste bortekamp, visste vi at utan seier i kveld, kunne vi få problem og bli frarøva muligheten til å få spela om (krets)mesterskapet for 2.div.
Gutane viste at dei skjøna alvoret og jobba knallhardt alle mann, som gjorde at vi klarte å få det overtaket vi trengte for å produsera flest sjansar, og då går det slik det ofte gjer: vi scora flest mål. Allereie etter 4 min. drog Mathias seg fri og slo ballen tilbake i lengste hjørne, men den small i tverrlegger og over.
I det 10 min. kriga Sondre godt på høgrekanten og fekk fyrt laus eit skudd frå skrå vinkel til 1-0. I det 14 min. klarte vi igjen å pressa høgt opp og Emil fant sin makker Sondre med ein stikker som sistnevnte satte sikkert i mål til 2-0. I det 18 min. fyrte Emil av eit skot der Jarand var svært nærme å setta returen i mål, men den gjekk like utanfor.
Og så er det slik då at det er ikkje alltid at det går etter spelets gong, og då vi etter å ha pressa Harding godt i ein lang periode var vi uheldige med klarering i eigen boks, som medførte sjølvmål og plutselig var det ein viss spenning igjen etter 25 min.
Men med kun 1 min igjen av omgangen klarte vi å etablera spel høgt oppe på banen, og gutta på topp fant kvarandre igjen, der Emil stod for assisten og Sondre knalla inn 3-1 like før pause. I pausen var det stort sett fokus på å fortsetta som i 1.omg., men med endå sterkare fokus på å la ballen gå raskare ved å vera raskere med overblikk og gode val. 2.omg. var kun 3 1/2 min. gammal då Sondre igjen var aleine med keeper, men skotet gjekk like utanfor stolpen.
Etter 5 min. fyrte Sondre igjen av eit langskot, som sneia tverrlegger og over mål. Kun 2 min. etterpå var Erlend F. våken på topp og punkterte kampen då han satte inn 4-1. I neste minutt var Sondre frampå igjen og satte inn 5-1, og vi var igjen i den situasjonen vi liker: avgjort kampen tidlig i 2. omgang. Det medførte igjen at alle fekk mykje speletid. Vi hadde to 01-mod. med oss i dag og, og dei klarte seg veldig bra.
No er det kun to kamper igjen og med 6 poengs leiing og klart betre målforskjell er det vel kun i teorien at vi kan rota vekk puljeseieren no. Men vi har sterkt fokus på at vi vil vinna alle kampane, så det blir ingen problem med å motivera seg for innspurten. Det er nok ein svært god eigenskap vi har utvikla i laget: vi har vinnarvilje og klarer å mobilisera gong på gong, både på sterke og svakare dagar.
Det har vi tenkt å fortsetta med. Erlend S. stod godt i mål og er blitt ein viktig sisteskanse for oss, med ein uredd og tøff stil. Ian og Olav i midtforsvaret har gitt oss større moglegheit til å spela med ein meir offensiv formasjon (4:3:3), då dei gir stor trygghet i laget med sikkert spel i bakre rekker. Espen og Karsten spela svært godt som backer, med gode val og presist pasningsspel. Torgeir, Mathias og Tord (innbyttar for Kristoffer som ikkje var med i dag), var solide på midtbanen i dag, der dei kjempa mot svært gode enkeltspelarar og bidrog sterkt til å vinna den viktige midtbanekrigen. Jarand, Emil og Sondre på topp jobba alle godt med mykje bevegelse utan ball (som vi hadde ekstra sterkt fokus på i dag). Martin, Erlend F. og Torbjørn (01mod) bidrog sterkt både på midtbanen og i angrep med full innsats.
Yngve