G14 Rosendal/Uskedalen – Njardar/Tysnes: 15 -6

Dei 13 stk. som var med i dag var: Ørjan Øvstebø, Karsten Haugland, Torgeir Bøyum, Ian Bjørke, Emil B. Berntsen, Espen Mikal Alfarnes, Mathias Guddal, Martin Yri Røssland, Sondre Myklebust, Erlend T. Seglem, Jarand Naterstad, Deimantas Reimant og Kristoffer Eskeland.


Med fokus på å ta rette valg ved å prioritera pasning tilmedspelara i betre scoringsposisjon framfor å villa scora sjøl, fortsatte vi med å få mange (8 stk.) på scoringslista denne gongen også: Torgeir (4), Sondre (3), Ian (2), Emil (2),Deimantas (1), Jarand (1), Mathias (1), og Erlend (1).

Njardar/Tysnes ante eit lite håp etter 6 minuttar då dei tok føringa med 2-1, men då vakna gutane for alvor og fekk fart på pasningsspelet  og putta jevnt og trutt bak ein god N/T keeper (som spelar på kretslaget til S.h.). Til pause hadde vi full kontroll med 8-2 etter mykje bra og variert spel, med god bruk av heile bredden og mange fine kombinasjoner, veggspel,susande skudd og flotte mål.

Gutane klarte å holda oppe eit bra trøkk i 2. omg. også, og var flinke med raskt pasningsspel og gode bevegelsar uten ball. Viktig å holda fokus på arbeidsoppgavene og få til spelet vi vil/bør få til, slik at vi er best mulig forberedt når vi etterkvartvil møta betre motstand.

Yngve