G14 Rosendal/Uskedalen – Njardar/Tysnes (7-er): (7-3)

Ny kamp, nye muligheter, nytt forventningspress om seier og underholdende fotball. Njardar /Tysnes stilte med eit robust og sterkt fysisk lag som har vist tidligare at dei kan gje oss skikkelig god motstand. Det gjorde dei i dag og med å ta leiinga allereie etter 3 min., då dei klarte å spela seg gjennom med fint spel og fysisk styrke.


Gutane fekk påminning om at vi må både jobba hardt og spela god fotball, veke etter veke, for å fortsetta å vinna kampar. Vi let oss ikkje stressa av å komma bakpå, men fortsette å spela slik vi har gjort mange gonger tidligare, og då gav det igjen resultat, sakte men sikkert. Med Kristoffer, Emil, Mathias og Sondre i angrepsrekka, veit vi at måla vil komma etter kvart, og det gjorde dei i dag og.

Først etter 7 ½ min., og deretter etter 17 ½ min., då Sondre og Mathias laga to fine mål og vi kunne gå til pause med ein noko «farlig»2-1 leiing.  I pausen blei det igjen prøvt og stilla rett analyse og trykka på dei få, enkle og rette knappane. Det såg ut til å virka bra i dag og, for vi klarte i alle fall å punktera kampen med ein forrykande start, med tre kjappe mål etter kun 40 sekund (Mathias), 5 min.(Emil) og 6 min.(Sondre). Då hadde vi igjen klart å punktera ein jamn kamp, etter bra samspel og flotte scoringar. Det medførte at vi igjen kunne senka skuldrene og la alle 13 spelarane få mykje speletid.

Sjølv om N./Tysnes utlikna til både 2-5 og 3-5, hadde vi full kontroll, med Torgeir i midten bak som spela med stor sjøltillit og rydda opp i det meste, og vi auka til 6-3 (Emil) og 7-3 (Sondre), etter bra jobbing og godt spel av alle disse 13stk. som var med i dag: Erlend Seglem, Torgeir Bøyum, Karsten Haugland, Emil B.Berntsen, Sondre Myklebust, Mathias Ø.Guddal, Kristoffer Eskeland, Kristian Enes, Jarand Naterstad, Erlend Fredheim, Espen Mikal Alfarnes, Olav B.Lernes og Martin Yri. 

Gutane viser god disiplin, jobbar for kvarandre, utviklar seg stadig både individuelt og som lag, har godt treningsframmøte og godt samhold. Det er sterkt gjort å prestera så jamt og godt over så lang tid og mange kampar som gutane no har gjort. Det er ingen «feilskjer» på vegen så langt, og vi har stø kurs mot målet vårt: å vinna serien for deretter å få spela om kretsmesterskapet. Bra jobba gutar !!  

Yngve