G14 Rosendal/Uskedalen – Odda 2: 5-2
Først av alt: takk til dei som steller med grasmatta på stadion. Godt gjort å få den så bra. Når det er sagt så merka nok gutane at det er stor skilnad på å springa på naturgraset i forhold til den raske kunsten som dei er mest vant med. Einaste trøysta var at det var like tungt for Odda gutane. Begge lag var godt organiserte med bevisst val av formasjon for å ikkje gjera det tyngre enn nødvendig.
Odda gutane hadde henta inn eit par forsterkningar i forhold til sist møte, og det var ein kjekk og meir jamspelt kamp denne gongen, då vi i tillegg hadde noko redusert mannskap og leid inn 3 stk. 01-modellar for anledninga.
I andre kampen på rad kom vi no på etterskot med 0—1 etter 10 minuttars spel, då Jarand var litt for tøff i ein takling inne i boksen, og Are ikkje hadde anna val enn å peika på 11 meteren. Straffa blei satt sikkert nede ved stolperota, utakbar for Martin, som igjen stod ein god og feilfri kamp. Men etter bare 2 minuttar fekk vi vår utteljing då Sondre fyrte av eit langskot, som ein noko feilplassert og uoppmerksam Odda keeper måtte henta ut av nota. Etter dette bølgja det fram og tilbake med eit visst overtak til oss, og då Torgeir slo eit glimrande frispark frå høgrekanten etter 26 min., var det fortent med 2-1 leiing, då Kristian var vakent og aggressivt frampå og sette ballen frekt mellom beina på keeper.
I pausen blei Torstein, Tord og Torbjørn frå 01-laget gjort klare til innsats og bytta med nokre som sleit med skader og måtte gje seg etter ein omgang. Desse gutane gjorde det veldig bra, og viste at det bur stort potensial i dei. Då vi tok leiinga til 3-1 etter 5 min. ut i 2.omg., var det etter assist frå Torstein som Sondra fekk kriga i mål. Odda gutane gav ikkje opp og reduserte til 2-3 etter 14 min. Dagens finaste mål kom etter 23 min. då Emil fekk eit stjernetreff frå langt hold og ballen suste i krysset til 4-2. Vi hadde nok eit visst overtak og kontroll gjennom heile kampen, men heilt sikre var vi ikkje i dag før i det 31.min., då Torgeir slo ein god corner som Erlend satte kontant i nota til 5-2.