G14 Rosendal/Uskedalen – Røldal (7’er): 11-2
Tysdag kveld, vind og regn frå alle kantar, nest siste (7'er) seriekamp på kunsten, publikum innpakka i regnkled under oppslåtte paraplyer. Peptalk i garderoben før kamp med fokus på: vi skal tenka utvikling for både enkeltspelarar og laget i alt vi gjer gjennom heile kampen. Dvs. vi har hovudfokus på arbeidsoppgåvene og så får resultatet bli det det blir. Ikkje fokus på antall assister og mål, men fokus på om ein tar rette val i alle dei mange tusen vala ein tar gjennom ein kamp. Videre hadde vi fokus på at vi skulle holda like høgt tempo uansett kor stor leiing vi evt. tok.
Vi la press på førsteoppstillingen om å punktera kampen så overhode raskt som mulig, for på den måten gi mulighet for flest mulig å få mest mulig speletid. Med poeng i denne kampen visste vi at puljeseieren ville vera i boks før siste kamp. Men vi har fleire mål enn det: vi vil vinna (alle) 20 kampane på rad i serien, samtidig som vi utvikler oss heile vegen.
Gutane var heiltente før kamp og starta i eit forrykande tempo med eit fantastisk godt spel. Det var kun gått få min. då Mathias snappar ballen på høgrekanten, fossar fram og kliner til i lengste hjørne:1-0. Like etterpå spelar Emil og Kristoffer seg elegant fram på venstrekanten der K. slår perfekt 45 graders pasning som Mathias knallar inn til 2-0. Røldal skjønnar allereie at dette blir tøft, for makan til effektivt, godt og raskt spel er ikkje kvardagskost. Kristoffer spela ein veldig god 1.omg. med veldig bra samspel med Emil, som hadde endå ein meget god kamp på venstrebacken. Dei to hadde veldig mykje ballsikkert, raskt og effektivt spel opp langs sida i 1.omg. spesielt. Når Kristoffer i tillegg viste gamle takter med finter som sjølvaste Ronaldo, ja då var det fint å sjå når han klinte inn 3-0 etter eit slikt raid på venstre kanten. Etter ca. 20 min. er Kristian våken og sterk frampå framfor mål på eit innlegg frå venstre og pang: 4-0. Siste del av omgangen bytta vi ut heile laget og spelte med «andre rekka» vår. Dei fortsatte det gode grunnspelet og måten å spela på, men med eit noko redusert tempo, som medførte at Røldal klarte å henga betre med og klarte å få seg eit trøstemål før pause. 2.omg. fortsatte som starten på kampen, der vi med Sondre og Mathias på topp herja vilt med Røldals forsvaret, som ikkje hang med vårt raske og effektive angrepsspel, der dei to på topp dundra, flikka og lobba inn mål i tur og orden etter mykje godt samspel, heilt til det stod 11-2.
Måten vi spelar på i dag: med bruk av heile banen (frå krittstrek til krittstrek), bruk av vingbackane, samspelet, innsatsen, vala vi tar, klikk-klakk fotballen, effektiviteten, basisferdighetene, ja, you name it…, frå start til slutt, gjorde at u.t. følte det Røldalstrenaren uttrykte etter kampen: « de kan vera stolte av dei prestasjonane som laget her viste, dei var fantastisk flinke». Ein annan (eks A-lagsspelar) som såg kampen var og imponert og sa kun:» dette var jo akkurat som å sjå Barcelona».
Vi feira puljeseieren med heimelaga bollar i garderoben etterpå. No har vi kun ein seriekamp igjen, mot tabelltoer og den klart vanskeligste motstanderen: Njardar/Tysnes på bortebane. Vi vil vinna den 20. strake sigeren for å klara full pott, så vi kjem endå ein gong til å gje alt for å klara det !
No skal vi og spela semifinale i (krets)mesterskapet for 2.div. onsdag 13.nov. på heimabane, så då er det bare å kryssa av på kalenderen, komma og heia på gutane, og la seg underholda av godt fotballspel !!
Yngve