G14: Rosendal/Uskedalen-Trio: 11-2

Med fint vær og bra oppmøte med god supportergjeng for begge lag, låg alt til rette for ein underholdende kveld på kunsten tirsdag kveld. Gutane gav dei frammøtte mykje god fotball underholdning frå første spark på ballen. Vi spela som avtalt rask og effektiv fotball, der Trio ikkje klarte å henga  med i svingane.


Vi rulla opp det eine flotte angrepet etter det andre og scora mange fine perler etter mykje raskt, effektivt og bra samspel. Vi kunne gå til pause med komfortabel og velfortent 8-1 leiing.

Vi klarte ikkje å få samme flyten i 2. omgang, men vi hadd ei alle fall full kontroll og vant til slutt 11-2. Vi la vekt på å la enkeltspelarar få prøva seg i ulike  roller for å øva på ulilke ferdigheter, då vi fortsatt prioriterer det framfor størst mulig seier i kvar enkelt kamp.

No har gutane full pott med seier i alle kampane denne vårsesongen. No begynner alvoret med Eidfjord cup (21.-23.juni) og Norway cup (veke 30/31). Det blir spennande å sjå kva vi klarer å utretta der. Vi hadde 4 stk. 01-modellar med og dei fekk vist at dei klarer seg godt på dette nivået.

Dei som var med i dag (mål i parantes) var: Tord Guddal, Torstein Kristiansen Olsen, Torbjørn Næs, Marcus Såtendal (1) (alle 01-mod.), Martin Yri, Ørjan Hjelmeland, Espen Mikal Alfarnes, Erlend Seglem, Karsten Haugland, Jarand Naterstad, Ian Bjørke, Kristian Enes, Sondre Myklebust (4), Mathias Guddal (3), Torgeir Bøyum (2) og Emil B.Berntsen (1).

Dommar Willy (Kalsås) styrte kampen godt og var nok den med lavest feilprosent på banen.

Yngve