G14 Rosendal/Uskedalen – Trio: 4-0

Tysdag var det  igjen duka for lokaloppgjer på kunsten med ei fin kveldssol og ein god del frammøte langs sidelinja. Alle som hadde tatt turen frå ytre luten håpa nok på at det ikkje skulle gå som sist møte då vi vant heile 14-1. Trio hadde tatt noken ekstra runder med terping på forsvarsarbeid og organisering og fekk lønn for det. Då vi i tillegg ikkje var like effektive som sist så blei det heldigvis ein meir jevn kamp denne gongen.


Vi var alikevel klart bedre enn Trio både defensivt og offensivt, der vi rulla opp det eine angrepet etter det andre, mens Trio kun hadde eit par avslutninger med skudd frå distanse. Men det var kjekt å sjå at Trio hang mykje bedre med denne gongen og begge lag spela mykje bra fotball, sjølv om begge lag fortsatt kan heva seg ein heil del med små og enkle justeringar. For vår eigen del handlar det først og fremst  om at vi kan bli endå meir tydelige på dei ulike rollene i laget for å bli mest mulig komplett som lag. I tillegg kan vi fortsatt bli ein del betre på å ta rett val, der det bl.a. blir viktig å få lagt innlegg framfor å få brudd imot. 

Vi gjekk fortjent opp til 1-0 etter 11 min. då Kristoffer kom rundt på venstre kanten og var flink til å orientera seg og slå presis pasning til Torgeir, som var klar for å gjera det slik han ofte gjer på trening: klinte ballen i kryssen utan å nøla. Ein veldig flott scoring der heile laget følgte opp med alle mann og gav rom for det vi har jobba mykje med: å gje ballførar mange pasningsalternativ og motstandar problem med å demma opp/vera i balanse.

2-0 kom etter 21 min då Mathias tredde ballen gjennom til Emil, som etter eit par finter sette ballen sikkert i mål. 5 min før pausen var Kristoffer på eit av sine mange gode raid på venstrekanten og tråkla seg gjennom heilt til keeperen var litt uheldig og datt og Kristoffer enkelt kunne fullføra raidet med å trilla ballen over streken til 3-0.

I andre omgang rulla vi opp mange angrep, men Trio gutane jobba tilbake med mange i forsvar og klarte med det å unngå så veldig mange fleire baklengs. I de 23.min fekk vi frispark og då lykkas vi med innøvd dødball med vekt på å sikta på målet og starta langt nok bak i feltet før ein timer innløpa. Sondre klinte til som avtalt og Olav angreip med god timing og fart, og det var nok til at keeper lot ballen susa rett forbi seg. Enkelt og greit. 4-0 etter mykje godt grunnspel, men og med veldig tydelige svar på kva vi bør prioritera framover for å heva oss til eit mest mulig stabilt toppnivå.

Alle som var med og bidrog til denne solide lagseieren var: Erlend S., Karsten H., Espen M.A., Olav B.L., Kristian E., Jarand N., Torgeir B., Kristoffer E., Mathias G., Emil B.B., Sondre M., Erlend F. og Ian B.

No er det fire kampar igjen og vi har fortsatt dei same delmåla og hovudmåla: vinna serien, vinna alle kampane, spela god fotball, heile tida prøva og utvikla oss til å bli eit best mulig fotball lag, med eit  mest mulig stabilt toppnivå. Når det gjeld evt. spel om kretsmesterskapet så er målet alltid å vinna neste kamp, så får vi sjå kor langt det vil ta oss. (Spelar vi bra, får ut det beste og alikevel tapar for betre motstandar,  så må vi vera fornøyd med innsatsen. Tapar vi unødvendig blir vi skuffa).

Yngve