G14 Trio – Rosendal: 1-14

Med seier i alle kampane i vårsesongen hadde vi no fokus på korleis vi skal takla å vera favorittar, som alle andre lag i serien vil slå. Vi snakka om å klara å holda fokus, trykket og 100 % innsats også når vi har full kontroll etter halvspela kampar. Vi hadde avtale om å spela som eit lag som skal underholda med effektivt og offensivt spel i 2×35 min.


Peptalken i forkant la også vekt på at det farligaste vi kan gjera er å undervurdera lag vi har slått tidligare. Trio stilte med eit toppa lag med mange gode spelarar på lista.

Kampen opna ganske jamt med sjansar til begge lag, men vi tok gradvis meir og meir overtaket og scora jamt og trutt etter solid defensivt spel og effektivt og godt angrepsspel. Kun 4 min. var gått då Mathias slo pasning til ein sprudlande opplagt Emil, som scora eit av mange elegante mål for kvelden: 1-0. Etter 7 min. auka Sondre til 2-0 etter pasning frå Torgeir.

Etter 17 min. var det mange som ropte på straffe då Emil fauk over ende i kamp om ballen, men Are var sikker i sin sak på at forsvarer takla ballen først, og det var kanskje rett. Kristian ordna 3-0 med ein frekk og elegant lobb over keeper etter 20 min.  I det 27 min. fyrte Karsten laus eit langskot som small i stolpen.  I det 29. og 30. min. kom to kjappe mål etter ein velkjent kombinasjon med gjennombrotspasning frå Mathias til Sondre i bakrom. På overtid i 1.omgong sette Mathias inn 6-0 då han fekk ballen inne i boksen der han kontrollert plasserte til side for keeper.

I pausen var det bl.a. vekt på at vi skulle vera minst like gode i 2.omgong med vekt på å «la ballen fortsatt gjera jobben» (dvs.  mest mulig 1-2 touch, slå-gå osv., korte avstander og nok bevegelser utan ball, blikk for medspelarar og rette valg).

Gutane var veldig flinke til å følgja denne planen og ikkje la seg frista til for mykje «egotripp», og viste styrke med å spela ein like god og effektiv 2.omgong. Etter 3 min.fekk vi 7-0 etter innlegg frå Sondre der Emil pressa keeper og forsvarer til å laga sjølvmål. I det 8.min. lobba Emil elegant inn 8-0 etter pasning frå Sondre. 9-0 kom i det 12.min. etter god corner frå Olav som Mathias headda i nettet. Karsten fekk gleda av å setta 10-0 etter god jobbing og godt skot. I det 18. og 19.min. kom det igjen to kjappe mål etter assist og mål av henholdsvis Mathias og Sondre og Sondre og Emil.

Endelig fekk Triogutane sitt trøstemål etter 27 min. etter pasning i bakrom og fin lobb over keeper til 1-12.  Triosupporterane ropa begeistra «no kjøre dåke dei i senk» og bidrog med det til god stemning på tribunen. Meir underholdning blei det då Olav i det 31.min. fekk springa aleine i bakrom heilt frå midtstreken og aleina med keeper klinte til fullt trøkk heilt klin i vinkelen til 13-1. Emil som opna scoringsshowet i dag fekk og gleda av å avslutta det med enda ein flott scoring i det 34.min.

Dermed tok vi ein svært sterk 14-1 seier mot eit Trio-lag som hadde mange gode enkeltspelarar med seg i dag. Med tanke på at det for to sesongar sidan var heilt jevnt i oppgjeret mellom desse to like laga og der Trio leia 3-1 då det stod kun 5 min igjen av kampen, og vi nett så vidt klarte uavgjort 3-3, kan det vera med å belysa noko av den utviklinga laget vårt no har hatt. Sjølv om vi vinn med så klare siffer, har vi godt utbytte av slike kampar så lenge vi klarer å ha fokus på kva vi vil utvikla videre.

Desse 14 gutane var med og bidrog til denne gode laginnsatsen: Martin Yri, Espen Mikal Alfarnes, Karsten Haugland, Ian Bjørke, Erlend T.Seglem, Kristian Enes, Erlend Fredheim, Mats Olsen, Jarand Naterstad, Olav B. Lernes, Mathias Øye Guddal, Torgeir Bøyum, Sondre Myklebust og  Emil B.Berntsen.

Yngve