G14 Trio-Rosendal i spanande lokaloppgjer

G14 laget hadde no etter dei to første kampane i haustsesongen to klare sigrar bak seg med ein solid målforskjell på 23:2. Dei var derfor litt spente på om dei no var blitt så gode at dei kunne hamla opp med eit godt Trio-lag og få revansj frå tidligere tap.


Starten på kampen viste to jamnspelte lag dei første 15 minuttane. Trio tok føringa med 1-0 etter straffe, men Rosendal utligna til 1-1 etter 14 minutt, då Marius spela Cato fint igjennom og han gjorde ingen feil. Men dei neste 15 minuttane utnytta Trio eit noko famlande og lite besluttsomt forsvarsspel, og scora heile 3 gonger til 4-1 leiing.
Marius pynta litt på resultatet til 2-4 kun 2 minutt før pause, etter god kriging og sikker avslutning.

Pausen blei nytta godt til å få trua på at dette ville gå vegen hvis alle tok felles ansvar for å få ut potensialet som vi visste vi hadde mykje igjen å visa etter ein noko dårlig 1.omgong.

Og du verden for ein snuoperasjon gutane viste i 2.omgong. Det var ein innsats som gutane kan vera stolte av. Etter 6 minutt kom eit varselskudd frå Marius, og bare eit minutt etterpå slo Mathias ein corner spesial som Kristoffer headda sikkert i mål: 3-4 og opphentingen var begynt for alvor.

Trio hadde ikkje mange sjansane i denne omgongen, men hadde eit frispark frå 18 meter etter 16 minutt, men det gjekk langt over.

18 minutt ut i 2.omgang laga Marius straffe etter dribleraid som Håvard satte knallhardt og sikkert forbi keeper: 4-4, og no var kun seier godt nok for denne gjengen som faktisk rundspelte eit totalt sjanselaust Trio-lag i denne omgongen.

10 minutt før slutt kom det finaste målet for kvelden då Marius slo eit godt innlegg frå hjørneflagget og Cato kom med ein stupheadding som viste med all tydelighet kven som ville vinna denne kampen:5-4. Særs fortent etter fullstendig utklassing av eit Trio-lag som nok virka ganske sjokkerte over kva dei opplevde.

Spikeren i kista blei satt 5 minutt før slutt då Jonas Are spela Cato igjennom og han like godt elegant runda keeper og trilla ballen enkelt i mål til velfortent jubel frå eit særs nøgd publikum som nok syns det var verdt å ta denne kveldsturen til ytre luten.

Spelar vi to slike omgonger neste gong så slår vi altså Trio med 10-0, det får vera neste mål…..

Følgjande spelarar var med i kveld: Kjartan, Anders, Ruben, Torbjørn, Jonas Are, Audun, Marius, Simon, Cato, Håvard, Kenneth, Olav (99-mod), Kristoffer (99-mod) og Mathias (99 -mod).

Åsmund, Åge og Yngve.