G16 – Ål Cup 17.-19. august

Trenar for G16-laget har sjølv spelt fotball for Ål, og har lenge hatt lyst til å ta med dei gode «indreluten»gutane til Hallingdal for å møta gamle bekjente. Arrangørane lokka med 2 kunstgrasbaner, den eine heilt ny for anledninga.
Avreise kl. 17.00 frå Rosendal samfunnshus med minibuss og Atle Skaala som sjåfør.
Første kamp mot Fyllingsdalen , dei hadde erfaring frå cupen frå i fjor, då dei stilte med eitt 7ar-lag og gjekk heilt til topps den gang.


Det blei litt stang ut denne kampen, Rosendal var klart best, men fekk ikkje full uttelling på sjansane sine før det var vel halvspelt(2×15 min). Fyllingsdalen skapte ikkje særleg med sjansar, men fekk redusering like før slutt, på eitt langskot som normalt er keepermat for Eivind Bjørnebøle. Sluttresultat 1-1.

Neste kamp mot Røa blei eit heilt anna kampbilete. Vi fekk betre flyt i spelet, var også flinke til å venda opp og vri spelet på motsatt side. Dette gjorde at tempoet blei for stort for Røa og når dommar blåste av kampen hadde Rosendal skora 4 mål og holdt nullen bak. Sluttresulat 4-0.

Siste kampen mot Ål (heimelaget) var avgjerande for om vi skulle spela i A-sluttspelet eller B-sluttspelet. Vi kunne klara oss med uavgjort, men for å bli puljevinnar måtte vi vinne kampen. Vi gjekk ut på same måte som mot Røa og dette lykkast vi med. Ål var tydeleg sletne etter ein lang dag på matta, mens gutane frå Rosendal var fortsatt klare for innsats og vann fullt fortent 3-0 over heimelaget.

Rosendal blei puljevinnar og møtte nr. 2 i pulje 2 -Lommedalen i semifinalen på søndagen. Rosendal kjørte til dei grader over Lommedalen, og i andre omgangen gjekk vi endå hardare til verks og gjekk over til en 3-4-3 formasjon. Dette blei for sterk kost for Lommedalen og kampen endte heile 5-0 til Rosendal.

I finalen skulle vi møta endå eitt lokallag, Nesbyen. Rosendal skapte dei fleste sjansane og Nesbyen var kun frampå ved ein anledning. Det var ikkje straffesparkkonkurranse, men 1×5 min sudden death og ved fortsatt uavgjort blei det avgjort på cornere.

Ingen av laga klarte å skore på dei fyrste 30 minuttane, Simon Korttila var gjennom aleine med keeper heile 3 gonger, men diverre like utforbi, vi hadde også 2 veldig gode skotforsøk, med ein i stolpen. Rosendal leia også 3-1 i cornera, sjølv om cornera ikkje kan reknast som noko leiing. Det seier likevel litt om kampbiletet.

På slutten av omgangen med sudden death fekk Nesbyen eit frispark innafor vår 16 meter, dette for låsning av ball. Håvard Furdal låg nede med fleire spelarar rundt seg, ballen blei slik dommar tolka det «låst» og dermed fekk Nesbyen inndirekte frispark på ca. 12 meter. Vi satt alle som ein i mur, men diverre blei det skoring med eit flott skot heilt oppunder tverrliggaren. Vi endapå 2.plass, litt skuffa då vi var det førande laget og klart best.

Det kan nemnast at det blei sagt i sekreteriatet før kamp, at det gode laget frå Rosendal som hadde imponert fleire Hallinger, kom til å vinne heile greia. Men kampene skal spelast først og vi nådde ikkje helt til topps denne gongen. Ål cup var ei flott turnering og vi har bare gode minner med oss. Dette er ein flott cup som oppkjøring til seriestart og ein cup fleire lag frå Rosendal bør vurdere.

Raymond B Olsen
Trenar G 16