G16 Bremnes-Rosendal
Bortekamp mot Bremnes laurdag 01.09 kl. 15.00. Vi reiste avgarde med kun 11 spelara til denne kampen, då det var litt fråver grunna sjukdom, skade og andre gjeremål. Det skulle bli ein trist og lite severdig forestilling, ikkje for Bremnes som skulle få revansj frå forrige serierunde.
Ein forholdsvis gjamnspelt kamp frå begge lag, men gutelaget frå Rosendal var i det gavmilde hjørne, og serverte ballen til Bremnes gjennom heile kampen. Vi var rett og slett ikkje innstilt på og vinne duellane, og heller ikkje vere spelbare rundt ballførar. Bremnes gjekk opp i leiing etter mykje rot i forsvaret til Rosendal. Simon var frampå ved eit par høve, men fekk ikkje avslutta slik vi helst hadde håpa på. Like før pause fekk Hans Fredrik banka inn reduseringa med eit godt plassert skot til venstre for keeper. Det var vel det som var av høgdepunkt denne første omgangen.
I pausen var det fokus på å «vakne» og begynne å ta tak i det som føregjekk ut på bana og trå litt meir til. Men det ville seg ikkje. Fleire sjansar frå begge lag, Rosendal hadde igrunn like mange sjansar, men det var Bremnes som skulle klare å sette dei.
Bremnes auka til 3-1 før Simon fekk redusert etter godt press på keeper til Bremnes. Bremnes auka ytterlegare på etter fleire gode gjennomspel, og måltavla viste 5-2. Heilt på tampen serverte Hermund Døssland eit flott langskot som gjekk oppunder tverrliggar og vi fekk med oss eit trøstemål ytterlegare før den lange turen heim.
Vi håpar å kunne kjempe om poenga i neste oppgjer mot Trott kommende torsdag kl. 18.30 i Rosendal. Men då må vi nok ha ei litt anna innstilling til kampen.
Desse var med:
Eivind Bjørnebøle, Vegard Ripel, Alexander Fredheim, Johannes Guddal, Håvard Furdal(kaptein), Vegar Bauge, Henrik Bauge, Hans Fredrik Zimmer, Hermund Døssland, Marius Myklebust og Simon Korttila.
Innbytere: Zero
Raymond Olsen
Trener G16