G16. Minde-Rosendal 1 (1-0)
Høstsesongen er endelig i gang, og me har fått ein fin oppkjøring med både Norway Cup og ÅlCup med gode resultater.
Det skulle bli ein jevn og god kamp. Minde tok litt kommandoen i første del av omgangen, skapte noken halvsjansar, men me låste godt av og Eivind Bjørnebøle var solid mellom stengene.
Men ca. 10 min ut i omgangen får Minde ballen i mål, litt heldig, og litt dårlig av Rosendal som godt kunne vert litt meir på i denne situasjonen. Kampen fortset å bølga litt fram og tilbake. Me er nesten gjennom ved fleire anledningar. Marius Myklebust og Sondre Myklebust med eit par halvsjansar kvar.
Minde hadde ein god keeper, og redda nok poeng for laget denne kampen.
Minde kommer litt for lett til på sin høyrekant og skapar enkelte sjansar då me lar dei lura oss på enkle gjennomløp. Me må stå tettare på markeringane og hindra at dei får utfordra på fart og finter.
Vegard Ripel og Olav Lernes styrte midtbaneleddet med bra kontroll, og Minde sleit mykje med desse gutane.
I pausen snakka me om å fortsette med det goda deffensive spelet, men offensivt måtte me bli meir synlige og senka skuldrene litt i avslutningane.
Me hadde hatt ein del skudd fra distanse, som lett kunne vært avslutta bedre med litt tolmodighet.
Mathias Guddal blei låst opp av motspelar, for å hindra at Rosendal kunne spela opp i bakrom på spissane sine. Her må me bli flinkare til å bruka kantane våre å variera. Backene må komma meir opp og vere spelbare.
Det blei trangt i midten. Banen til Minde er liten og litt uvant å spela på. 2.omgangen tar Rosendal over meir av spelet. Minde er i enkelte faser knapt på vår banehalvdel og me har tidvis veldig bra trykk.
Kurt Raymond Jegteberg tok seg av det som kom bakover med solid stopparspel. Det er små marginar og me produserar mange sjansar, me er solide deffensivt. Litt upresise i avleveringane på midten.
Får me bare litt meir kvalitet på desse pasningane, så blir Rosendal veldig farlige framover.
Men alt i alt en god kamp, gutta sto på hele veien, og som trenar så er eg godt fornøgdt med det gutane leverte, knall bra!
Me må også få takka Minde for godt vertskap. Me fekk oppskårne bananer og appelsiner i pausen, Takk! Det kom godt med på ein varm og fin sein sommar dag. No ventar det ny og spennande kamp heima mot Nordhordland.
Nordhordland var det beste av dei 5. laga som rykka ned fra 1.div i sommar.
Ingen kort denna kampen som blei leda av ein god dommar.
Spelarbørsen: GGG: Vegard Ripel GG: Kurt Raymond Jegteberg G: Eivind Bjørnebøle
Desse var med: Eivind Bjørnebøle,Anders Albrethson,Eivind Haavik,Kurt Raymond Jegteberg(Kaptein),Vegard Ripel,Olav Lernes,Hermund Døssland,Vegar Bauge,Mathias Guddal,Sondre Myklebust,Marius Myklebust
Innbytterar: Alexander Fredheim og Torbjørn Omvik.
Trenar Raymong.B.Olsen