G:16 Norheimsund-Rosendal 1 (2-4)

Norheimsund hadde tidlegare annonsert at dei hadde fått styrka stallen med fleire nye spelera fra Framnes denne høst sessongen.
Og Rosendal fekk betydelig sterkare motstand en det som Vertane varta opp med sist møte på vårparten.


Rosendal klare favorittar i møte med tabelljumbo Norheimsund, og eit slik stempel er ein uting. Kampar må spelast først og lever sitt eige liv.
Dagsform, skader etc påvirkar utfallet i sterk grad. Rosendal stilte med sterkt mannskap og måtte virkelig kjempa heile vegen for å sikra alle poenga.

Kampen starta med eit bra trykk fra Rosendal, me hadde fleire småsjansar den første perioden. Det var først på corner ca. 11. min ut i omgangen at me fekk uttelling.
Tobias Frislev fører Rosendal i ledelse 1-0.

Kampen fortsetter med å bølge fram og tilbake, men forsvaret vårt er gode og holder Norheimsund på ein armlengdes avstand. Det blir fra Rosendal slått mykje lange pasningar i luftas retning Tobias og med mann i rygg blir det ofte vanskelig.

Norheimsund stopparane var gode til å stå tett i kroppen på våre angriparar og ødelagte for fleire potensielle mulighetar framover. Tobias med flott driv ca. 33 ut i 1.omgangen, aleina mot keeperen og slår ein strålande pasning til Sondre Myklebust som ligger aleine rett foran mål, 2-0 til Rosendal.

Herlig å varte opp med slikt angreps spel og knall bra av Tobias som uegoistisk slår ballen vidare. Sondre takkar for sist og serverer assist til Tobias etter ca. 39 minuttar, 3-0 til Rosendal. Resultatet står seg til pause.

I pausen snakka me litt om eventuelle formasjons endringar,da Norheimsund virkelig har kjørt over oss på midten enkelte ganger, og var flinke til å komme kollektivt opp i angrep. Det var meir en ein gang dei var overtallige mot våre solide menn i forsvaret.

Eivind Haavik,Kjartan Tungesvik og Kurt Raymond med mange involveringar denne kampen.
Trekker fram Eivind Haavik som har imponert mykje dei siste kampane og viser god framgang. Me bestemmer oss for å gjera ein taktisk endring for 2.omgangen som mottrekk for å balansera meir i forsvaret.

Norheimsund starta kampen best og får tidleg utteling for det, stillinga 3-1. Bra tempo i kampen nå ein periode, begge lag kjører på og viser til tider mykje flott spel. Tobias Frislev alltid farlig og er på ny aleina med keeper etter assist fra Sondre Myklebust, stillinga 4-1 til Rosendal. Skoringa laglig til i ein viktig periode av kampen. På slutten klara Norheimsund å få enda ein utteling og sluttresultatet stod seg til 4-2 seier til Rosendal.

Mange gode enkelt prestasjoner denne kampen, Mathias Guddal med mykje jobbing senralt på midten, Marius Myklebust som også la ned mykje arbeid. Nevner også Sondre Myklebust som hadde mykje positivt å bidra med for laget, med blant annet 2 assister til Tobias.

Neste kamp i Rosendal mot Arna-Bjørnar, lørdag 14 sept. kl. 17.00 Møt opp og bli lagets 12. mann.

Spelar børsen: GGG: Tobias Frislev- GG: Kurt Raymond Jegteberg- G: Eivind Haavik
Ingen gule kort, men advarsel til Marius Myklebust

Desse var med: Eivind Bjørnebøle,Eivind Haavik,Kurt Raymond Jegteberg(kaptein),Kjartan Tungesvik,Vegard Ripel,Marius Myklebust,Torgeir Bøyum,Vegar Bauge,Mathias Guddal,Tobias Frislev og Hermund Døssland
Innbytterar: Torbjørn Omvik,Alexander Fredheim,Simon Korttila og Sondre Myklebust

Trenar Raymond Bård Olsen