G16: Nymark-Rosendal

Rosendal skulle i kamp mot eit av dei store laga i Bergen. Nymark ubeseira og stod med kun 3 baklengsmål etter møter med Minde,Bergen Nord og Varegg/Sandviken. Rosendal varta opp med klassespel og Nymarkspelerane hadde til tider store problemer med å holde unna, kampen endte 2-4.


Me måtte reisa grytideleg om morgonen, avreise kl. 07.15 fra samfunnshuset. Når me ankommer Nymark sitt garderobeanlegg, så var det heller ikkje lys i garderoben, det såg med andre ord mørkt ut.

1.omgangen igang og me hadde motvind. Nymark åpnar best og skapar fleire halvsjansar. Men me henger så absolutt med. Simon med ein flott passning til Kurt Raymond som tar ned ballen fra brystet i springretning, fyrer av eit hardt skudd til sida for mål, desverre. Nymark skorar 1. mål, så eit mål til og ledar 2-0 etter ca. halvspelt omgang. Men nå har Rosendal begynt å etablera spel på midten og da kjem også sjansane etterkvart. Og så har me Simon Korttila, vår eigen Zlatan Ibrahimovic som spela ein særs god kamp. Simon med ballen, drar mot høyre og det kommer 3. stk Nymark spelerar imot. Simon leitar etter åpning og rykker akuratt idet dei andre støter, perfekt timing. Det ender med at 3 Nymarkspelerar taklar kvarandre, ein går i bakken, ein i kneståande og den andre står muligens fortsatt på banen og lurer på kva som eigentlig skjedde. Det endte med eit hardt skudd som traff tverrliggar og over. Så mot slutten av omgangen serverar Henrik Bauge ein strålande bakromspasning til Simon som spring lett fra stopperane til Nymark, stillingen 2-1 til pause.

I pausen snakka me om å ta tak i kampen, spela enkelt og variera med kantane og bakromspel. Og for ein omgang det kom til å bli. Brann sitt treningsfelt ligger side om side, og Sævarsson og Leciejewski holdt eit auga med gutalaga som spelte ved siden av. Og dei lot seg nok imponera av Rosendalsgutta etterkvart.
Marius Myklebust med assist til Simon som utlignar, stillingen 2-2. Så er det Simon som har assist til Marius som føre Rosendal i ledelsen 2-3. Henrik Bauge er kun nåken millimetra fra å skora etter klabb og babb på streken, men Nymark reddar så vidt unna. Nymark skapar sjansar også i andre omgangen, men Torbjørn Omvik har brukbar kontroll på venstrekanten til Nymark. Stopperane våre med Vegard Ripel og Kurt Raymond Jegteberg leverar ein stor kamp. Midtspissen til Nymark slepp ikkje til. Vegard står tett i kroppen og låser godt av. Alexander Fredheim på ventsrebacken, med Anders Albrethson som kommer inn i 2 .omgangen gjer jobben utmerka. Gode klareringar og spelar enkelt.
Simon Korttila med ny assist til Marius som førar Rosendal opp i 2-4 ledelse. Nå begynnar Nymark å flytta heila laget framover for å få redusering, men det ville seg ikkje.

Rosendalsgutta leverte ein strålande kamp, dei viste god samhandling,gode i duellar,spela enkelt og var nådeløse i angrep, akkurat slik me ønsker.
Samtlige av spelerane leverar idag, Kjempestolt av gutta!

Desse var med:
Eivind Bjørnebøle,Vegard Ripel,Kurt Raymond Jegteberg,Alexander Fredheim,Henrik Bauge,Hermund Døssland(kaptein),Marius Myklebust,Joakim Vika,Vegar Bauge,Håvard Hunstad og Simon Korttila.

Innbytterar:
Torbjørn Omvik,Anders Albrethson,Jonas Are Mehl og Mats Olsen.

Målskorerar: Simon Korttila(2 mål), Marius Myklebust(2 mål)
Gule kort: Ingen. To advarslar, eit til kvart av laga.

Raymond Olsen