G16 på Zinken Cup

Tidleg start for to av Rosendals guta lag. Med Atle Skåla som sjåfør vart det avreise fra samfunnshuset kl.07.45. Det var 3 lag påmeldte dinna gongen, der gruppe 3 hadde eit gunstigare utgangspunkt med avreise kl.11.30


Rosendal 1 skulle først ut i ilden mot Solnut.Gutane var heiltente og Solnut blei totalt overkjørt denne kampen.Rosendal vant greitt med 7-0.
 
Rosendal 2 skulle møta Trio/Halsnøy 3 i sin første kamp.Bra innsats av gutane,men Trio var hakket bedre denne gangen,og kampen endte med 0-2 tap.
Rosendal 1 skulle så møte Trio/Halsnøy 2 den store trenar “ duellen” med Are Ulseth på motsatt side.Dessverre var Are sjuk,så “ duellen” får me ha til gode!!Rosendal 1 “valset” over Trio/Halsnøy 2 og “ basketaket” var ikke over før Rosendal hadde skora 7 mål.
 
Rosendal 2 skulle møta Voss kvit i neste oppgjør.Det blei noko tungt i dette oppgjøret,gutane spelte godt,men med eit ungt mannskap blei det i letteste laget,og kampen endte med 0-4 tap.
Det neste oppgjøret mot Odda 3,litt samme kampbilde som mot Voss.Me blir litt “baktunge” grunna fysikken,men gjer ein hederlig innsats.Håvard Hunstad og Alexander Fredheim speler godt i forsvar,holder unna mykje av det som kommer.
Simon Bewer skal også ha skryt for god innsats og fleire gode duellar.Kampen mot Odda endte med 0.3 tap.
 
Siste kamp for Rosendal2 var mot Harding1.Harding med toppa 1-lag og med ein veldig god Phillip,skulle bli vanskelig.Kampen endte med 5-0 tap.Sjølv om det blei ein del tap for Rosendal 2,så syns eg det var mykje bedre innsats denne gangen enn på Trio cup.
 
Rosendal 3 hadde etter kvart dukket opp i hallen og var klar til å møta Trio/Halsnøy i sin første kamp.Gutane hadde sovet litt lengre frampå,men var ikke heilt våkne alikavel,litt lite tempo og trøkk.Kampen endte med 0-4 tap.
Neste oppgjør for Rosendal 3 var mot Voss rød.Nå hadde gutane vakna og det var mykje bra spel.Dessverre endte kampen med tap 0-1.Men veldig god innsats.
 
Nå var det tid for Rosendal 1 igjen som hadde hatt ein lang pause,ca 3 timer og 15 min.Motstandar var Odda 4 
( Odda 1),samme laget som me tapte mot i finalen under Trio cup.
Rosendal 1 kjørte kampen.Tobias og Simon var stadig “ uro moment” i Odda forsvaret.Kampen endte med 3-1 seier til Rosendal 1.
 
Rosendal 1 sin siste kamp i pulje spelet var mot odda 2.jevn kamp som endte med seier 2-1.Rosendal 1 vant pulja med full pott 12 poeng,målforskjell på heile 19-2.
 
Kvartfinale mot Odda 3,ein lang dag i hallen begynte å setja litt preg på laga,tempoet var noko lågere og mindre bevegelser,men gutane klarte å hala inn ein 2-1 seier.
 
Semifinale mot Trio 3,samme kamp bilde som mot Odda.Ikkje det store spelet,men seier og me var klare for FINALE igjen.
Der skulle me møta Odda 4,som me hadde slått innledende med 3-1.Skulle me endelig gå heilt til topps??
Knall opning fra Rosendal og me var i føringa med 1-0.Men Odda skora rett etter avspark og fikk “tenning”.Kampen endte med 3-1 tap.
 
Simon blei 16 år denne dagen,og det blei feira med Arsenal kake , skikkelige greier altså!!
 
Rosendal 3:
Vegard Ripel(keeper),Henrik Bauge,Christian. F. Særsten,Anders Albrethson,Kjartan Tungesvik og Jonas Mehl.
Kjartan med 2 mål.
Rosendal 2:
Tobias Frislev(keeper),måtte byta med Vegard Riper grunna skade.
Alexander Fredheim,Håvard Hunstad,Simon Bewer.Mats Olsen og Ruben.F. Særsten.
Rosendal 1:
Vegard Ripel(keeper),Kurt Raymond Jegteberg,Tobias Frislev,Simon Korttila,Hermund Døssland,Vegard Bauge og Marius Myklebust
Simon Korttila med 11 mål,Tobias Frislev med 5 mål,Hermund Døssland med 4 mål,Marius Muklebust med 2 mål og Kurt Raymond med 2 mål.
Kurt Raymond med eit strålende mål på frispark,knall hardt og kontant,det likar me;)
Nå ventar Brann Kamp for guta laget i Telenor NM kvaliken.16. februar borte mot Brann kl.14.00.Dette blir spennende!!
 
Mvh 
Trenar G16
Raymond Bård Olsen