G16: Rosendal 1-Arna/Bjørnar (5-2)

Heimakamp på våt grasbane mot eit Arna-Bjørnar lag som hadde gjort gode resultater før møte med Rosendal. Kampen starta med eit voldsomt kjør mot Arna-Bjørnar og Rosendal spela skjorta av bortelaget dei første 15 minuttane. Hermund Døssland er i knallform for tida, og leverte ein imponerande kamp og det var fra bortelaget gitt utrykk for stor frustrasjon da dei gang på gang ble lurt trill rundt.


Marius Myklebust, banens beste med herlige driv og 3 mål denne kampen. 
Rosendal spela ut Arna-Bjørnar til dei grader på heimabane og i dei første 15.minuttane var bortelaget ikkje på motsatt side av banehalvdelen.

Rosendal leverte mykje bra spel i denne perioden, fine kombinasjonar,herlige finter og strålande friløp for nye oppspel. Marius heilt rå med sine driv, god fart og god timing på fintene. Og han fører Rosendal i ledelse tidlig i 1.omgangen.

Det går ikkje lenge til før Marius på ny aukar ledelsen til Rosendal, stillinga 2-0 og heilt fortjent, burde i grunn vært både 2 og 3 mål ytterligare. Så går me over i ein periode med litt mindre fart og kraft framover og Arna-Bjørnar får trekka pusten og retta litt på skjorta etter ein forrykande start på omgangen.

Arna-Bjørnar vil ikkje spela gjennom midten denne kampen og slår heller mykje langpasningar i mellomrommet/bakrommet. Vegard Ripel og Olav Lernes som våre anker på midten er ikkje gode å bryne seg på og Vegar Bauge og Hermund Døssland på kantane gjorde sitt til at «veggen» var på plass. Og skulle muren «falle» så blei det ikkje lettare av den grunn, for Kurt Raymond Jegteberg spelar er ikkje stoppar for løye.

Mot slutten av 1.omgangen er Arna-Bjørnar på nokre farlige visittar og ein av dei blir litt turbulent med fleire halvsjansar som endar med strålande keeperspill av Eivind Haavik. Problemet var bare at mr. Haavik ikkje er keeper, men back.

Og ein våken dommar, Are Ulseth gjer det som må gjerast, blåser straffe.
Straffen settes i mål og stillinga står seg 2-1 til pause.

I pausen snakkar me om å fortsette det gode spelet, men være litt meir på tå i avslutningsfasen. For Rosendal kunne ha punktert kampen første halvdel av omgangen.

Men det skulle bli meir spennande enn som så når 2. omgangen var i gang. Arna-Bjørnar utlignar tidleg og heilt mot kampens gang. Me gjer nokre bytter, Ruben F Særsten kjem inn på høgrekanten, Torbjørn Omvik inn på venstrekanten.

Sondre Myklebust starta som back, men me veit han har særs gode spisskvalitetar og nå måtte me sjå kva han kunne bidra med. Sondre Myklebust, fører Rosendal i ledelsen igjen med 3-2 skoringen. Og skoringen er av den «iskalde»sorten, han løftar ballen over ein utrusande keeper fra distanse og det på stillingen 2-2. Etter denne skoringen kan me alle fall legge debatten om global oppvarming på vent nokre dagar, for slike skoringar gir litt frysning på ryggen.

Nå takkar Rosendal for seg og er litt tilbake i vinnersporet igjen, Marius Myklebust og Sondre Myklebust setter ytterligare inn to mål og stillinga endar 5-2 til Rosendal. Alle gutta leverte ein strålande kamp, me var best på det meste, individuelt som kollektivt. Litt unødvendig at me lar kampen bli så spennande ein periode, men slik er fotballen, rund og uforutsigbar.

Nå ventar storkamp mot Os, heima i Rosendal lørdag 21.09 kl. 13.00. Gutta har imponert så langt i serien og fortsetter me å levera det storspillet som nå, så ryker skjortene til Os på lørdag.

Spillarbørsen: GGG: Marius Myklebust, GG:Hermund Døssland, G: Sondre Myklebust
Gule kort: 1 gult kort til Arna-Bjørnar

Desse var med: Eivind Bjørnebøle,Eivind Haavik,Kurt Raymond Jegteberg(kaptein),Sondre Myklebust,Vegard Ripel,Olav Lernes,Marius Myklebust,Vegar Bauge,Hermund Døssland,Mathias Guddal,Håvard Hunstad. Innbyttere: Alexander Fredheim,Ruben F Særsten,Torbjørn Omvik,Anders Albrethson

Raymond B Olsen Trener G16