G16: Rosendal – Baune/Trane

Heimakamp på flott naturgras og med værgudene i godlag, låg alt til rette for eit spennande oppgjør mellom tabellnaboar. Og kampen blei som antatt jevn og tett mellom to lag som var villige til å gi alt for å henta poengene.


Baune/Trane skulle åpna målkontoen først etter ein litt heldig skoring.
Baune/Trane skulle bli ein god motstander. Dei hadde tidlegare spelt uavgjort mot Nore Neset/Søre Neset,Varegg/Sandviken og Minde. Og kampen før hadde dei banka Norheimsund hele 8-0.

Baune/Trane får første målet på ein litt merkelig situasjon, ballen ser ut til å gå utforbi målet, men treffer ein forhøyning på grasmatta og spretter innforbi stengene, litt surt men gledelig for bortelaget.

Rosendal er agressive i markeringane, og flinke til å komme ut av markeringane når me får ball gjenvinning. Gutta spelar god fotball med høyt tempo i spelet. Marius Myklebust fyrer av eit skudd fra rundt 16. meter og endelig utligning som er absolutt fortjent etter kampens gang.

Så har me Mathias som vendar fint opp og løsriver seg fra motspelar, kommer på skuddhold og skyter til høgre for keeper, Rosendal leder 2-1.

2.omgangen fortsetter med god balltempo og spel fra begge lag. Baune/Trane får redusert og stillinga 2-2.

Simon Korttila med mann i ryggen på hjørne av 16.meteren, klarer å venda opp og skyter eit hardt skudd over keeper, stillinga 3-2. Men Baune/Trane gir seg ikkje, dei flyttar fram laget og Rosendals forsvar må jobba hardt for å holda unna. Me glipper litt med markeringane i denna perioden og det straffar seg desverre. Baune/Trane utlignar til 3-3. Rosenal har eit «visst» tak på kampen, og når Simon Korttila lurer i bakrommet, så er det igrunn målsjanse i seg sjølv.

Bortelaget står høgt på banen, me får ball gjenvinning og slår kontant opp på midten retning spissen vår, han setter fart og springer fra stopperane, tar en utslagsfinte på keeper og slår ballen sikkert i mål, stillingen 4-3 og det blir også slutt resultatet etter ein god kamp av Rosendal.

Tobias Frislev er igjen å finna i troppen til Rosendal. han har slitt litt med skader den siste tida, men når Tobias finner godformen blir han ein viktig spelar for Rosendal.
Flott innsats gutter, dette var gøy!

Desse var med: Olav Lernes(keeper),Vegard Ripel,Kurt Raymond Jegteberg(kaptein),Torbjørn Omvik,Alexander Fredheim,Marius Myklebust,Hermund Døssland,Henrik Bauge,Tobias Frislev,Håvard Hunstad,Simon Korttila.

Innbytterar:Mathias Guddal,Kjartan Tungesvik,Anders Albrethson,Ruben F Særsten,Vegar Bauge og Torgeir Bøyum.

Raymond B Olsen
Trener G16.