G16 Rosendal – Bremnes

Bremnes ynskte å møta det gode gutelaget frå Rosendal til treningskamp før Norway Cup. Laget frå Bremnes er det beste gutelaget i Sunnhordland, med solid erfaring frå 1. divisjon, og det var spenning frå trenaren si side om dette kunne verta litt i overkant. Treningskampen skulle spelast 3×25 minutt og avsluttast med straffekonkurranse. Etter første omgong leda Rosendal heile 3-1.


Vi mangla ein del spelarar denne kampen. Midtstopparane Tobias Frislev, Kurt Raymond Jekteberg, og midtbanespelarane Sondre Eskeland, Henrik Bauge og Eirik Fausk. Vegard Ripel og Johannes Guddal kunne heller ikkje stille. Før kampen vart det snakka om at laget vi skulle møta kom til å spela med stort tempo og med stor pressisjon i pasningsspelet. I første omgong var Rosendal gode på å halda laget kompakt bakover, slik at det var vanskeleg for Bremnes å kome til sjansar. Håvard Furdal med flott assist i bakrommet der Simon Korttila venta, og sprang frå det som var. Tilslutt putta han flott forbi keeper. Det kan nemnast at Simon hadde fleire målsjansar denne første omgongen. Det var nydeleg spel då Simon kom på løp på høgrekanten og slo pasning inn i feltet der Hans Fredrik putta sikkert. Håvard Furdal noterte seg og på målskorarlista med noko som trenaren først trudde var eit innlegg, men som gjekk over Bremneskeeperen og i mål. Bremnes klarte å utlikna til 3-1 til første pause

2.omgongen starta med eit forrykande tempo frå Bremneslaget, og Rosendal hadde store problem med å tette rom, og vart nok litt overraska av spelet som Bremnes varta opp med i denne omgongen. Vi vart til tider skikkeleg rundtspelte, og då vi vant ballen vart det for lite initiativ framover, og litt stressa slo vi framover i bakrom til Simon. Det var dessverre for dårleg pressisjon i desse pasningane, og Bremnes hadde sett markering på Simon, som ikkje slapp fullt så lett til i denne omgongen. Vi vart skikkeleg bakpå, og kom oss ikkje ut av forsvar for å kome breiare i angrep. Det vart og for lite med oppspelspunkt på midtbana. Bremnes fekk alt til å klaffe denne omgongen, og leia etter 2. omgong 4-3.

I pausa hadde vi fokus på å stå tettare opp i situasjonane, slik at vi ikkje skulle bli springande mellom og la Bremnes styre slik dei gjorde i forrige omgong. Vi kom oss meir framover og fekk gjevna ut noko av det spelemessige. Bremnes var best totalt sett også denne omgongen, og vant til slutt 6-3 over Rosendal. Det er alltid gøy å vinne fotballkampar, men det er og viktig å få spela mot lag som har erfaring frå høgare nivå (1.divisjon), slik at vi kan halda fram med den positive utviklinga i laget. Vi skora heile 3 mål mot Bremnes! Det kan nemnast at Bremnes slo Brann 2-0 i juni, dei spela også uavgjort 1-1 mot sterke Nymark frå Bergen i 1.divisjon denne vårsesongen.

Straffekonkurransen starta med Mats Olsen som førstemann frå Rosendal (Bremnes hadde alt skora sin første) sette ballen like utanfor mål. Bremnes bomma på sin fjerde , og det var ny spenning. Vår sjuande straffe skulle Joakim Olsen skyta, og desverre ikkje mål, dermed vann Bremnes 7-6.

Målskorar: Simon Korttila 1, Håvard Furdal 1 og Hans Fredrik Zimmer 1.

Dommar: Kjetil Næs

Gule kort: ingen

Desse var med: Eivind Bjørnebøle, Hermund Døssland, Håvard Furdal (kaptein) Jakop Tveit, Vegar Bauge, Simon Korttila, Hans Fredrik Zimmer, Marius Myklebust, Joakim Olsen, Njål Hatteberg.

Innbytar: Mats Olsen

Trenar G 16
Raymond Olsen