G16: Rosendal -Fitjar 3-1

Endeleg var det oppstart på haustsesongen igjen, og første kamp med Fitjar på motsett banehalvdel. Det skulle bli eit spenande oppgjør. Fitjar hadde annonsert at dei ville revansjere tapet i vår på hjemmebane.


Fitjar er eit godt lag, godt organisert og god fysikk med duellserke spelarar. Fitjar kom best igong og gjekk i leiing 0-1. Vi pressa godt på og hadde fleire nesten sjansar. Så var det duka for frispark til Rosendal på ca. 22 meter, og med gullfoten til Hans Fredrik så er dette å rekne som ein god moglegheit. Og mål blei det etter eit herleg frispark. Det var mykje duellar, og litt fråverande med det flotte spelet frå begge lag i store delar av 1. omgongen. Men innimellom viste vi kva som bur i dette gode laget frå Rosendal. Simon var veldig god og skapte mykje problemer for Fitjarforsvaret. Og etter fleire gode forsøk som fort kunne endt med mål, så satt den endeleg. Det stod seg 2-1 til pause.

I pausen snakka vi om å begynne å spele litt meir fotball og holde ballen i laget.
2.omgongen begynte som den første med mykje duellar og lite spel. Men utover i kampen tok det seg betydeleg opp. Hermund hadde begynt å stille inn skotfoten, han hadde fyrt av nokon salver ved flerie anledningar, men utanfor. Men det var tydeleg at han hadde ein plan. Og for ei avslutning som kom 5 minuttar før slutt….Hermund klinte til på ca. 25 meter med eit flott skot som gjekk til venstre for keeper.Fra mitt ståsted såg det ut som den gjekk heilt oppe i krysset, herleg..

Ein god dommar Svein Arild Kjærland blåste av kampen og vi vant fortent 3-1.
Flott at vi hadde så mange tilskodera som heia, det set vi stor pris på. Ellers er vi godt nøgd med 3 poeng, men ser at vi må jobbe litt meir med sjølve spelet og bevegelsar rundt ballfører. Vi må også terpe litt på å vende spelet oftere for å skape meir rom.

Målskorer: Hans Fredrik Zimmer 1, Simon Korttila 1, Hermund Døssland 1

Gule kort: Eit veldig gult kort til Fitjar, etter at Simon blei felt åleine med keeper rett utforbi 16.meteren.

Desse var med:
Eivind Bjørnebøle, Vegard Ripel, Kurt Raymond Jegteberg, Johannes Guddal, Alexander Fredheim, Håvard Furdal(kaptein), Tobias Frislev, Vegar Bauge, Hans Fredrik Zimmer,J akop Tveit, Simon Korttila.
Innbytera:
Henrik Bauge, Hermund Døssland, Marius Myklebust, Eivind Haavik
og Olav Lernes(99 modell)
Raymond B Olsen
Trener G16