G16: Rosendal – Nordhordland (3-0)

Det er vel ingen tvil om at Rosendal leverte års beste av ein fotball kamp mot eit veldig godt lag. Nordhordland spela vår sesongen i 1.div og kunne vise til resultater som 2-0 seier over Fana, 1-0 seier over Os og tap 2-3 mot Brann.


Rosendal ligg vedlig godt organisert med god balanse på midten og gjer det vanskelig for NBK. Eivind Haavik og Tobias Frislev er gode denne kampen som backer, Eivind på høgre og Tobias på venstrekanten.

Tobias starta som midtstoppar, men blei flytta ut på kant litt etter kvart. Kampen starta med eit voldsomt trykk fra NBK, og me jobbar godt som lag for å låse av det som kjem. Me sliter litt med å få etablert spel på midten, men jobbar veldig godt i duellane og bryter stadig opp for det som NBK prøver seg på.

Vegard Ripel og Marius Myklebust med veldig solid spel sentralt på midten og det er imponerande kor godt dei les spelet og klarar å være på rett plass til kvar ei tid. Det blir nåken halvsjansar til NBK denne perioden før me endrar litt på formasjonen. Me blir nødt til å bli enda meir synlige og spelbare på midtbanen, særlig i den offansive delen. Det er liten vits å vinna ballen sentralt om det ikkje er nåken å¨spela opp på.

Hermund Døssland, tar ansvar i denne rolla.

Midt i 1.omgang viser Rosendal seg for første gang i angrep med ein stikker til Håvard Hunstad.

Vår lyn kjappe spiss får komma seg fri og blir aleina mot keeper, men ballen rett på keeper denne gangen.

Nå blir det også enda farligare angrep fra NBK, Eivind Bjørnebøle må pussa støvet av hanskane og tar eit par klasse redningar( nåke me begynnar å bli bortskjemte på). Men endelig, litt mot kampens gang, så nesten identisk pasning som sist til Håvard, han kjem igjen aleina med keeper.

Håvard er iskald og har justert litt på innstillinga og 1-0 til Rosendal.

Rosendal spelar seg meir og meir inn i kampen og samtidig holder me besluttsomt på posisjonane våre.

Nåke litt stygt spel denne perioden, og det blir litt frispark begge veier. Men det er aldri lurt å felle ein Rosendal spelar på 20. meteren, ikkje når Tobias Frislav ladar storslegga, nei det gjer dei nok neppe igjen! Og for eit skudd, knallhardt ned ved høgre stolperot og skulle likt å sett den keeperen som kunne ta den, måtte isåfall vært Eivind Bjørnebøle på ein god dag.

Rosendal ledar 2-0.

I pausen snakkar me litt om å prøva å få inn litt meir kvalitet i pasningane våre.Og prøve justera litt på tempoet( meir tempo). Det er nå meir tydelig at NBK begynnar å bli slitne og litt frustrerte på at dei møter stadig veggen framover.

Mathias Guddal med flott driv på høgrekanten, har fleire sjansar på kanten. Han blir nok mulig snytt for eit straffespark i ein av situasjonane, da han blir dregen bakover innanfor 16. meteren til NBK.

Torgeir Bøyum leverte også ein veldig god kamp, lite ball tap og gode oppspel på høgre kanten.

Torgeir er stort sett alltid spelbar og det er ein god ting som fotballspelar på dette nivået.

Vegar Bauge gjorde solid spel med å låse av den eine kanten til NBK som stadig var i bevegelse.

Så, dagens høgdepunkt! Rosendal er i angrep igjen, Hermund Døssland med ballen på venstrekanten, drar av nåken spelera, og slår ein langpasning innover mot 16. meteren, Håvard Hunstad bryter perfekt foran stopparen og pannebrasker ballen i mål, 3-0 til Rosendal.

Dette målet, samt innlegget er som tatt ut av læreboka, heilt rått!

At lag kan prestere mot svakare lag er ein ting, men å levera slikt spel mot så gode lag som NBK står det respekt av!

Spelar børsen denne gangen blir ikkje lett å vurdere, alle gutane leverer spel av topp klasse, men har me sagt A, så……

Spelar børsen: GGG: Håvard Hunstad, GG: Kurt Raymond Jegteberg,G: Hermund Døssland

Eit gult kort: Kurt Raymond Jegteberg

Desse var med: Eivind Bjørnebøle, Eivind Haavik,Tobias Freslev,Anders Albretson,Hermund Døssland(kaptein),Marius Myklebust,Vegard Ripel,Håvard Hunstad,Mathias Guddal,Kristoffer Eskeland,Vegar Bauge.

Innbytterar: Torbjørn Omvik,Alexander Fredheim,Kurt Raymond Jegteberg,Torgeir Bøyum
Raymond B Olsen Trenar G16.