G16 Rosendal-Stord 2

Heimekamp mot serieleiaren Stord 2. Gutelaget var innstilt på ein tøff og jamn kamp, og vi hadde i garderba før kamp snakka om at vi skulle presse høgt i banespelet. Vegar Bauge var skadd grunna brot i armen (gymtimar på skulen er farlege greier..) men Jakop Tveit var tilbake, heldigvis.


Kampen blei blåst igang, og vi pressa på frå første stund. Angrepsrekka første del av kampen med Marius, Simon, Hans Fredrik og Hermund. Hans Fredrik i ny rolle offensivt på midten. Det var fleire veldig gode initiativ med gode løp rundt ballførar. Diverre for oss var vi til tider nåke upresise med pasningsspelet, nåke Stord skal vere glad for. Det var kun små marginar som kunne endra kampbiletet betydeleg. Vi skal fortsetje å terpe på dette! Simon på nydeleg løp åleine med keeper, etter flott assist frå Hans Fredrik, 1-0 til Rosendal. Stord var gode på midten, men Henrik og Håvard synest eg imponerte med strålande innsats denne kampen.

Dei var tidleg opp i motspelar og låste godt av, og tydeleg inneforstått med at Rosendalsgutta er gode fordi vi «kviler» på rett side. Stord får sin utlikning etterkvart i 1. omgangen, dette er grunna tellefeil i forsvar, og det straffar seg ofte. Kampen bølga forsåvidt fram og tilbake, men vi hadde allikavel eit visst øvetak. Tobias blei satt på prøve enkelte gonger av ein meget rask spiss, men Tobias er ingen «treiging» han heller, og jogga inn det som skulle kome.

Vi har hatt ein del terping på overlapp siste tida, og synest det er flotte forsøk frå både Johannes G. og Alexander som kjem heile vegen opp. På venstre kanten fungerte dette nokonlunde, med spel vidare på doblinga, men Johannes kunne fått servert ballen oftare. Her må vi jobba med kommunikasjonen, Gutar!!

Vegard Ripel god markeringsstoppar som gjorde ein god innsats med å demma opp. Stord kom ikkje til dei store sjansane.

Marius Myklebust, flott skoring og endeleg i leiinga igjen, vi ville jo svært gjerne slå serieleiaren 🙂

Vi hadde i denne perioden fleire gode sjansar. Men så var det dette med tellefeil, vi vert igjen tatt på senga med at vi ikkje følgjer opp når motstandaren doblar, og stillinga vert 2-2 til pause.

I pausen hadde vi fokus på å få opp tempoet i spelet, då det var noko vi hadde å gå på. Etter eit skikkeleg kamprop i pausen, var det gutar som ville vinne som entra bana igjen. Kampbilete var stort sett det same 2. omgangen, men Stord var ikke fullt så farlege framøve.Vi følte at vi hadde funne kuleramma og dermed kontroll med teljinga deffensivt.
Men vi måtte slita hardt for endeleg å få MÅLET- Simon igjen etter ny assist frå Hans Fredrik, strålande samarbeid!

Det kan nevnes at Hans Fredrik hadde også eit godt skotforsøk som endte i tverrliggjar.
Eivind kom litt seint denne kampen, og Olav Lernes(99 mod) starta 1. omgangen,, og Eivind tok over i 2. omgangen.

Jakop Tveit kom inn etterkvart, då vi gjorde nokon formasjonsendringar. Hans Fredrik på venstre kanten, Hermund på venstre back og Marius på høgrekanten. Kjekt å variera litt, og det stressar også motstandarane, det liker vi..
Eivind Haavik kom innpå, og hadde fleire gode duellar, og med fleire gode løp,strålande Eivind.

Mats Olsen, kom inn for Hans Fredrik då han signaliserte at han måtte ut.
Tommelen opp for samtlege idag, er godt fornøgd med innsatsen, og alle var med å bidro til tre nye viktige poeng.Sluttresultat 3-2 til Rosendal.

Målskorer: Simon Korttila-2, Marius Myklebust-1
Gule Kort: ingen.

Desse var med:
Olav Lernes, Johannes Guddal, Tobias Frislev, Vegard Ripel, Alexander Fredheim, Håvard Furdal(kaptein), Henrik Bauge, Hans Fredrik Zimmer, Hermund Døssland, Marius Myklebust,
Simon Korttila.
Innbytera:
Eivind Bjørnebøle, Jakop Tveit, Eivind Haavik og Mats Olsen(99 mod).

Raymond B Olsen
Trener G16