G16 Rosendal-Trott

Det var regn i lufta og ikkje det heilt beste veret, men ikveld skein sola på ein måte litt likevel. Gutane frå Rosendal storspelte mot eit godt Trott-lag, og det var talentet Marius Myklebust som skulle starte målfesten.


Denne dagen hadde det vore gjennomført Søral-løpet, og det var fleire av spelarane som hadde tatt seg godt ut før på dagen. Nevner Johannes Guddal med ein sterk 2. plass og Simon Korttila på en god 3. plass. Då Simon hadde meldt sin ankomst litt etter kampstart, var det Marius som måtte inn på spissplassen. Og Marius gjorde ein veldig god innsats på topp, og toppa det heile med å putte første målet. Ballen blei slått frå midten og i bakrom. Marius hadde to av stopparane til Trott på kvar side, men fekk ei god første berøring og var aleine med keeper.

Simon kom innpå tidlig i 1. omgangen, og markerte seg med ein gong. Trottforsvaret hadde store problemer med å henge med når Simon satt opp farta. Første målet til Simon på flott løp på høgrekanten, og så drog han seg inn mot 16 meteren. Finta først ut ein spelar, og heilt nede på linja måtte neste Trott spelar innse at «slaget» var tapt. Frå veldig skrått hald banka han inn 2-0 skoringa. Dette stod seg til pause.

3. målet til Simon kom etter eit godt press på stoppar og keeper, dette resulterte i feil frå Trott si side, og Simon var først på ballen på åpnet mål, sterkt jobba.
Trott er eit godt lag, og hadde igrunn overtaket store delar av kampen på midtbana. Dei varta opp med godt pasningspel. Men forsvaret til Rosendal er gode, Veldig gode. Og sjefen av alle sjefar idag var Tobias Frislev. Uten tvil banens beste og ein av grunnane til at vi klarte «smultringen» mot eit godt Trott lag.

Vegard Ripel,Johannes Guddal og Alexander Fredheim var flinke til å ta ut angrepet til Trott. Det var lite tellefeil denne kvelden.

Rosendal var litt tamme på kantane i 1.omgongen, men synest at Hermund Døssland kom sterkare utover i 2.omgongen. Hermund er ein ballkunstnar, ingen tvil om det. Det var artigt å se fintene han til tider varta opp med denne kampen.

Midtbanen med Vegar Bauge, Henrik Bauge og Håvard Furdal hadde mykje å gjere denne kvelden, men var gode på å skyve tidleg, å tette romma. Så er det 4-0 til Rosendal, Håvard Furdal heada inn frå bakerste stolpe, opp i tverrliggar og i nettet, herlig.

Vil nemne keeperen vår, Eivind Bjørnebøle som hadde fleire gode redninger. Særleg imponerande var det då Trott hadde fått eit frispark på ca. 20 meter, og klinte til med strak rist. Eivind stod godt plassert og på mesterleg vis ga han ingen retur.
Vegar Bauge skulle få æra av å skore siste målet. Rosendal var i angrep og hadde flytta opp laget, då Vegar kom på skothald på ca. 17-18 meter. Han plasserte ballen godt til høgre for keeper og i mål, strålande.

Resultatet 5-0 fortel kanskje ikkje heilt kampbiletet, då det spelmessig var mykje gjamnare. Men ein strålande kamp av Rosendal, og fullt fortent at vi vinner.

Målskorera:
Marius Myklebust-1, Simon Korttila-2, Håvard Furdal-1, Vegar Bauge-1

Ingen kort blei utdelt denne kvelden.

Desse var med:
Eivind Bjørnebøle, Vegard Ripel, Tobias Frislev, Johannes Guddal, Alexander Fredheim, Håvard Furdal(kaptein), Henrik Bauge, Vegar Bauge, Hermund Døsland, Hans Fredrik Zimmer og Simon Korttila
Innbytera:
Eivind Haavik, Marius Myklebust, Olav Lernes(99 mod)

Raymond Olsen
Trener G16