G16 Solid-Rosendal
Solid har gjort heimeleksa, dei framsto som eit meget godt lag denne kvelden. Det skulle bli eit spanande oppgjer, og det gode gutelaget frå Rosendal måtte jobbe hardt for å ta med seg det eine poenget.
Kampen begynte med eit tydeligare meir aggresivt Solid-lag som var flinke til å skape variasjon i spelet. Rosendal var litt bakpå frå start. Solid kom gong på gong gjennom på midten, og var farlige også på kantane. Presset frå Solid hadde skulle gje uttelljing til slutt, og heimelaget leiar 1-0. Etter målet fekk vi stabla oss litt på beina, og kom etterkvart sterke utover i 1.omgongen. Dette resulterte i utlikning 1-1, målskorar Marius Myklebust. Kampen bølgja fram og tilbake, med halvsjansar til begge laga. Men like før pause var det Jakop Tveit som skulle føre Rosendal opp i leiing. I pausen hadde vi fokus på å ta meir tak i duellane og halde ballen meir i laget.
Solid begynte best i 2.omgongen, og fekk etterkvart utlikna til 2-2.
Det blei mange duellar, og Tobias fekk også gult kort etter ei tøff takling, der spissen til Solid måtte ta telljing. Håvard Furdal fekk ein smell etter feil treff på ball, etter ein hovudduell, og tok eit lite avbrekk for å tørke litt naseblod. Hans Fredrik fekk også del av kortstokken til dommaren, heilt kvifor er ennå uklart.
Solid legg seg litt deffensivt, kanskje for å sikre seg eitt poeng, og vere fornøgd med det. Allikavel går Solid opp i leiing 3-2 ca. halvvegs i 2. omgangen. Men vi ville ikkje gje opp håpet om poeng, og det smakte godt då Simon etter ei dårleg klarering snappa ballen, og satte den inn bak keeper. Kampen enda 3-3.
Som evaluering kan vi seie at langskotet frå Solid som gjekk i mål, utan press frå Rosendal er litt billigt. Vi må unngå at vi tilrettelegg for motstandar, og serverar optimale skotmoglegheiter. Vi kunne også vore meir duellsterke på midten. Synest Solid får eit visst øvetak, og vi vert til tider løpande etter uten at vi tørr bryte/duellere.
Men vi gjer ein god kamp mot eit veldig godt lag, det skal vi ta med oss. Gratulerer også Håvard Hunstad med strålande deby for G16 laget, han var ett friskt innspel på høgrekanten.
Torsdag (27.09-kl. 20.00) er det igjen «seriefinale» mot Trio. Og kjenner eg Trio rett så kjem dei til Rosendal med sine «aller beste», dei som for tida gjeng på fotballgymnas i Haugesund. For denne kampen handlar om mykje meir enn fotball, eit skikkeleg lokaloppgjer mellom to veldig gode lag.
Vi håper på fulle tribunar som heiar oss fram, slik at vi endeleg kan få satt ein stoppar for seiersvante Triogutar 🙂
Målskorere: Marius Myklebust-1, Jakop Tveit-1 og Simon Korttila-1.
Gule kort: Tobias Frislev, Hans Fredrik Zimmer.
Desse var med:
Eivind Bjørnebøle, Vegard Ripel, Johannes Guddal, Alexander Fredheim, Tobias Frislev, Håvard Furdal(Kaptein), Marius Myklebust, Hans Fredrik Zimmer, Hermund Døssland, Simon Korttila, Jakop Tveit
Innbytera:
Eivind Haavik, Mats Olsen (99) og Håvard Hunstad(debutant -98)
Raymond Olsen
Trener G16