G16. Trio/Halsnøy- Rosendal1 (1-2)

EL-Clasico- lokal oppgjør som alltid blir viktige, her spelast det ikkje bare om poeng, men og om heder og ære. Kampen blei flytta fram til 23. sept, oprinnelig oppsatt midt i oktober. Rosendal 1. hadde spelt kamp mot Os på lørdagen og allerede på mandag stilte me mannsterke opp på Husnes. Heile 18. spelerar hadde registrert seg og fleire er det ikkje plass til på dommar kortet.


Fokuset var enkelt og greit- angrip ballen, tette markeringar! T/H kommer best igang med å ha ballen i laget, men skapar lite foran mål.
Vegard Ripel og Olav Lernes, jobbar veldig godt på sentral midtbane, og låser hardt av der.

Me klarer å ri av stormen som normalt eit heima lag har dei første 20. minuttane.
Og da er det vår tur, Rosendal er effektive og Sondre Myklebust sender ein stikkar til Tobias Frislev som kjem på eit godt friløp til venstre for T/H stopparen. Han kjem aleine mot mål, keeper blir ståande på strek, og da blir det enkelt for Tobias å setja ballen imål.

Stor stemning på trenarbenken og på tribunen på motsatt side, vel og merke av våre suporterar. T/H svarar igrunn ganske snart med at dei får ein spelar felt innanfor 16. meteren. Vegard Ripel litt uheldig, og T/H spelarenn går i bakken. Det blir store diskusjonar mellom teknisk sone og T/H spelerane på kven som skal ta straffen.
God straffe, uttagbart for vår keper Eivind Bjørnebøle. Det begynnar å hardna til både på sidelinja og utpå banen. Kampen bølger med nåkelunde gjevn ball besittelse.

Rosendal litt tøffare i periodar. Og det får me betalt for, Marius Myklebust med herlige vendingar på venstrekanten, nede med 16. meteren, lurer av 2-3 T/H spelerar og kjem til innlegg. Foran mål ligger Sondre og Tobias nesten heilt ledige. Sondre får headet ballen rett over keeper og i mål, klokka viser 39 .minutt.
Herlig, endelig i føringa igjen!

I dag var det skikkelig innsats fra Rosendal si sida, alle jobba hardt for å endelig få has på rivalen. 1-2 står seg til pause.

I pausen er fokuset å fortsetja presset, vinna duellane og kampen. Eivind Haavik, veldig god i dag på høgrbacken. Torgeir Bøyum imponerte mykje på høgrekanten.
Utrolig kjekt å sjå at det gror godt i dei yngre rekkene i Rosendal Turnlag.

Dommar har etterkvart delt ut 6. gule kort, eit til Rosendal og heile 5. kort til T/H. Og det kunne nok sikkert vært fleire til begge laga.
Maruis fekk sitt 3. på rad, og får desverre karantene til oppgjøret mot Loddefjord.

Det blir nåken halv sjansar til begge laga i slutten av 2.omgangen. Med unntak av heilt på tampen, T/H doblar opp på høgre kanten, og Kurt Raymond blir aleina mot 2 T/H spelerar, ballen blir slått i bakrom til Emanuell.
Men, som nevnt tidlegare, så spela Eivind Haavik ein god kamp. Og han er våken,koblar inn alt av horsepower, spurta med ein voldsom fart inn fra sin høgrekant, får akuratt ein tå spiss på ballen og klarerar ut. Det var nærme og jeg var rimelig stressa nåken sekundar der og da. Mange som gjorde ein strålande innsats, Marius Myklebust med knall bra jobbing på midten, Hermund Døssland med flott driv og finter. Håvard Hunstad solid på venstre back. Mathias Guddal med fleire flotte driv på venstrekanten. Sondre Myklebust, jobba hardt på topp ilag med Tobias Frislev. Dette var gøy, guttar! Nå er det me som er sjef!!

Spelarbørsen: GGG: Marius Myklebust, GG: Eivind Haavik, G:Sondre Myklebust
Desse var med: Eivind Bjørnebøle,Eivind Haavik,Kurt Raymond Jegteberg,Vegard Ripel,Olav Lernes,Hermund Døssland,Vegar Bauge,Marius Myklebust,Tobias Frislev,Sondre Myklebust.
Innbytterar: Ruben F Særsten,Torbjørn Omvik,Torgeir Bøyum,Alexander Fredheim,Anders Albrethson,Mats Olsen,Mathias Guddal.

Raymond B Olsen Trener G16