Informasjon om gammal vardebok
på Melderskin
I januar 2006 gjekk vi i Rosendal Turnlag – turgruppa ut med etterlysing etter gammal vardebok på Melderskin (1426 m).
Vi har oppbevart boka som vart lagt i juli 1944, men ynskte å få klarlagt om det også hadde vore bok tidlegare, og kvar den i så fall er no. Svaret er ja – det var bok før 1944, men diverre nei – vi har ikkje funne denne boka.
Vi takkar for all respons.
Frå Ragnhild Weibust (no Aakrann), Asker, fekk vi tilsendt to fotografi frå ein tur realskulen i Rosendal tok til Melderskin i september 1941. ”Vardeboken var gammel og spennende. Vi leste, og vi skrev oss høytidelig inn. Også i 1942 var denne boken der”.
På bakgrunn av tilbakemeldingane, m.a. frå dei som kan hugsa at besteforeldre fortalde at dei skreiv i ei bok på eventyrlege Melderskin for 120 år sidan, veit vi no følgjande:
Den første boka vart mest truleg lagt ut før 1890, og i alle fall siste åra fram til 1943 låg den i eit lite trehus ved varden. I trehuset var boka dårleg verna mot vêr og vind.
Astri Sundfør (no Riddervold) frå Haugesund, som kvar sommar ferierte i Dimmelsvik, fortel at boka i 1943 var gått heilt opp i liminga, og nokre sider hadde blåse vekk.
Ho ordna på eige initiativ med ny, ekstra solid bok frå bokbindar Eriksen, og ein metallkasse til å bevara den i. Den 31. juli 1944 var ho og vennegjengen på sin årlege tur til Melderskin, og la den nye boka på plass. Den gamle boka var då vekke.
Kva som har skjedd med boka før 1944 veit vi altså ikkje. Trehuset kan ha blåse overende i hauststormane og boka blitt spreidd for alle vindar, men det er også mogeleg at den vart teken til bygdars.
Vi tek framleis imot tips om boka!
Med vennleg helsing
Rosendal Turnlag – turgruppa
Morten Nygård, Kåre Eik