Gåvedryss til Rosendal Turnlag

I dag 21.april var representanter frå Rosendal Turnlag samla i Rosendal Samfunnshus for gåvetildeling frå SpareBank 1-stiftinga Kvinnherad.

Foto: Daniel Morso

Rosendal Turnlag vart tildelt heile 5 gåver:
– Rosendal Turnlag – fotballgruppa søkte og fekk kr. 85 000,- til kvalitetsheving (Norges Fotballforbund kvalitetsklubb).
– Rosendal Turnlag søkte og fekk kr. 10 000,- til treningsutstyr friidrett.
– Rosendal Turnlag søkte og fekk kr. 40 000,- til Opningsstemne Rosendalsleikane.
– Rosendal Turnlag søkte og fekk kr. 350 000,- til hjelp med ferdigstilling av Rosendal Stadion.
– Rosendal Turnlag vart tildelt kr. 50 000,- i covid-19 midlar (aktivitetsmidlar)

På vegne av heile Rosendal Turnlag rettar eg ein stor takk til SpareBank 1-stiftinga Kvinnherad som bidreg til aktivitets og arenautvikling i Rosendal Turnlag på ein framifrå måte.

Jonathan Byrkjenes

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

9 + 5 =

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.