Gåvedryss til Rosendal Turnlag
Fra v: Kåre Eik, Morten Nygård, Jostein Hatteberg, Jonathan V .Byrkjenes, Øyvind Lernes, Arvid Nes og Lars Emil Berge.
Onsdag kveld var ein delegasjon frå Rosendal Turnlag samla i kulturhuset på Husnes for gåvetildeling frå Sparebank 1-stiftinga Kvinnherad.
Det var til stormande jubel og entusiasme at følgjande vart tildelt:
Rosendal Turnlag – fotballgruppa søkte og fekk tildelt kr 95 000,- til oppgradering av ballrommet.
Rosendal Turnlag – turgruppa søkte og fekk tildelt kr 300 000,- til Skålafjell, sikring av stien frå Åsvodl til varden.
Rosendal Turnlag søkte og fekk tildelt kr 700 000,- til nyetablering og opprusting av Rosendal stadion.
På vegne av Rosendal Turnlag rettar eg ein stor takk til Sparebank 1-stiftinga Kvinnherad som til Rosendal Turnlag bidrar på ein framifrå måte.