Gåvesjekk og hjartestartar til Turnlaget

Mandag klokka 19:30 vart ein sjekk på kr 30.000,- tildelt Rosendal Turnlag frå Einar Holsvik i Gjensidigestiftelsen. Pengane skal som kjend gå til ein hjatestartar. Sigurd Brattetveit frå Hjertevakten leverte samstundes ut ein solid og robust hjartestartar.  


Utdeling av sjekk og hjartestartar. F.v. Willy Kalsås, Olav Opedal (Gjensidige) , Einar Holsvik (Gjensidigestiftelsen), Sigurd Brattetveit (Hjertevakten) og Romar Skeie olsen.

Holsvik fortalde litt om Gjensidigestiftelsen og deira arbeid for helse og tryggleik. Brattetveit fortalde etterpå litt om hjartestartaren og korleis den fungerar. Hjartestartaren er veldig enkel i bruk og ein vert fortald kva som skal gjerast til ei kvar tid om ein skulle få bruk for den.

Alle var einige om at ein får håpe den aldri vert brukt, men det er iallefall ein tryggleik i å ha ein slik startar i nærmiljøet og spesielt rundt idrettsarenaen.

Meininga no er at hjartestartaren skal hengjast opp i gangen utanfor garderobane og gymsalen. Skilt vil bli satt opp for å vise kor den er.

Ilag med hjartestartaren fekk vi 20 «mini Anna-dokker», som skal nyttast i opplæring. Desse dokkene skal ein øve hjarte-lunge redning på før ein er med på kurs ilag med Sigurd Brattetveit. Her er det viktig at vi får med oss trrenarar og andre som er tilknytt turnlaget på kurs slik at flest mogleg kan og veit kva ein skal gjera ved ein hjartestopp. Vi vil kome attende til kor tid dette kurset vil bli arrangert.

Vi vonar at hjartestartaren får hengja i fred i gangen i samfunnshuset.

Vi nyttar høvet igjen til å takka Gjensidigestiftelsen og Hjertevakten for deira bidrag.