Glitrande generalprøve av G11 før VossCup

Med 11-0 heime mot Tyssdal i kveld er standarden satt føre VossCup til helga. Samtlege gutar presterte årsbeste i denne kampen. Mykje godt spel frå målvakt, forsvar, midtbane og spissar gjorde at Tyssedal kom på særs få visittar på vår banehalvdel.


Gutane gjekk til pause med 7-0 leiing. Tyssedal spelte då med ein gut meir sidan vi leia med over fem mål.

I andre omgong tok det litt tid før vi fekk mål, men litt etter kvart kom sjansane og vi skåra 4 mål i denne omgongen. På 10-0 spelte Tyssedal med ni spelarar mot våre sju.

Det er ein knallgod prestasjon i seg sjølv å halde buret reint i sjuarfotball. Når gutane greier det med to mann mindre er det ein enda betre prestasjon, så dette lovar godt for cupen på Voss i helga.

Desse var med (mål i parantes):
Torbjørn Haugland Nes, Ola Hunstad, Sindre Mathias Bjørgen Jegteberg, Erik Hjelmeland, Lars Bondhus Bjordal (1), Øystein Enes, Espen Andre Jonassen, Jonatan Eskeland (3), Tord Guddal (4), Torstein Kristiansen Olsen, Johannes Hellesøy, Sebastian Tufta Kirknes (1) og Marcus Hylland Såtendal (2).

PS! Husk å stem på gutane i konkurransen om å vinne 30000,- til nye mål på stadion!! Klikk her og stem.