God følelse etter siger
Gutelaget reiste fredag til Svortland på Bømlo, for å møte Bremnes 3. Vi hadde eindel forfall til kampen, Njål, Eirik, Hermund og Stian var utilgjengelige. Dette gjorde at vi måtte låne fleire 97 spelarar. Kampen var jamnspelt, det endte med Rosendal siger.
Fyrste 11'aren var prega av store rokkeringar i forsvaret grunna spelarmangel. Joakim vart dytta utpå backen, Håvard ned som stoppar saman med Kurt Raymond.
Laget såg slik ut:
Nikolai
Johannes G – Håvard – Kurt R. – Joakim
Simon – Jonas – Hans F. – Jakop Tveit.
Sondre – Johannes T.
Innbytar: Vegard Bauge.
Før kampen var vi litt bekymra grunna yr.no meldte 27 m/s med vind. Det viste seg heldigvis ikkje stemme, kampen kunne spelast i gode forhold.
Fyrste omgang var jamn, men då Johannes T. set inn returen på skotet til Sondre, står det 1-0 til oss, som og vert pauseresultatet.
Andre omgang skal vise seg og bli spanande. Bremnes utliknar etter ein god prestasjon av heimelagets spiss. Før vi igjen tar leiinga etter dagens kontring. Jonas vinn ballen på 20 meter og slår den vidare til Simon, han set fart og finner Sondre i mellomrommet. Han vendar opp og får med seg venstreback Joakim som kjem i stor fart oppover på sida si. Han legg inn, og der dukkar Simon opp og set inn scoringa med ei fin avslutning.
Bremnes får no eit straffespark, som vi ikkje skjønnar noko ting av, dei scorar og det er likt igjen. Dette var surt for oss, då vi sårt trengte poenga for å halde følgje med Trio som puljesigeren.
Vi gjev ikkje opp, og skapar nokre gode moglegheiter. Den største kjem etter at Sondre rundar keeper, men diverre for oss får han eit litt langt touch og avslutninga frå spiss vinkel går på feil side av stanga. Kampen bølgjer no fram og tilbake, vi spelar i motvind, noko som heimelaget drar fordel av. Keeperutsparka til heimelagskeeperen blir farlige, men Håvard og Kurt R. ryddar fint opp.
Rett før slutt, blir Simon spelt gjennom aleine med keeper og han gjer ingen feil, rundar keeper og set sikkert inn 2-3, til stor jubel for oss. Dette blir og sluttresultatet.
Dette ver ein deilig siger som gav oss ein god følelse på bussturen heim.