God heimekamp

Jenter 13/14 sin andre heimekamp for året ga ein komfortabel seier over Fitjar. Etter 2-0 til pause, vart sluttresultatet 5-0. Ein god prestasjon med mykje fin fotball innimellom.

Det er ikkje ofte ein oppleve å spela kamp to dagar på rad, så det var spennande å sjå om det var krefter igjen i dei jentene som var til Bømlo i går. Heldigvis var det og ein del friske bein som kom til i denne kampen.

Det viste seg tidleg at vi stort sett hadde kontroll frå midtbane og bakover. Fitjar hadde eit par teknisk gode og raske vingar, men dei vart effektivt stoppa av eit trygt forsvar. I starten av kampen hadde vi problem med å etablera noko ordentlig spel og det vart mykje kriging på midten. Då jentene vart tryggare på seg sjølv kom og finspelet og til tider så varma det ein trenar sitt hjarta å sjå kva dei fekk til. Etter spel og sjansar var det ingenting å sei at vi vant 5-0 til slutt. Alle måla var signert Julie, fleire av dei etter gode gjennomspel frå medspelare, som tatt rett ut av læreboka.

No er det ein heimekamp igjen før sommarferien. Vi får håpe at framgongen fortset og at vi og i den kampen klarer å stilla tilnærma fullt lag. Då kan vi vera godt fornøgd med vårsesongen og konsentrera oss mot Norway Cup.

Frode.