God innsats på Fana Stadion

RTL stilte med 5 deltakarar på Fana laikane i år. Vi deltok laurdagen og alle fem sette ei rad personlege rekordar. Det var også målet for dagen. Tord tok ein flott bronsemedalje i spyd for G-11 med eit lengstekast på 18,85m. (400gr. Spyd).


I  G-15 tok Anders 3 medlajar. Bronse i spyd, sølv i lengde og gull i høgde.
Med høgderesultat på 1,64 m er han igjen inne blant topp 10 i Norge i år.

Spesielt imponerande var persane som vart sett på 600m. Både Sara (2.02.89), Helene (2.08.80), Tord (2.05.66)  og Torbjørn (2.07.64) betra tidene med mellom 10 og 15 sek. Veldig bra utan å ha trent ute sidan i haust.

Sara gjennomførte ein god 100m (15.45) og blei nr 6 i lengde (3.87) berre 4 cm frå 4.plassen. Så det er ikkje lang fram.

Helene gjennomførte ein god lengde konkurranse med resultat 3.39

Sjølv om det i einskilde øvingar er eit stykke fram til dei beste så fekk vi vist at det trass i håplause treningstilhøve er fullt mogleg å hevde seg.

No ser vi fram til trening og nye stemner.