God innsats på triostafetten

Rosendal Turnlag sine lag gjorde det svært skarpt i Trio-stafetten Kristi Himmelfartsdag. 
Vi stilte fem lag, og rekrutt jentelaget sprang svært godt (ikkje tidtaking & plassering i rekrutt).
I konkurranseklassen for Trio-stafetten, vann Rosendal TL sine gutar sin klasse etter glimrande løping. På laget sprang Øyvind Nes, Gustav Haugse, Markus Ø. Guddal, Markus E. Seberg, Nils G. Skåla og Torbjørn Nes
 image
I jenteklassen vart Rosendal TL sine gode jenter nr 2, og i herreklassen vart laget nr 2 etter Trio. På dette laget sprang Øyvind Bjørnebøle, Åsmund Mehl, Henrik Bauge, Jonas A. Mehl, Eivind Håvik og Lars E. Olsen (foto vedlagt). Her vart dessutan gutar frå Rosendal TL sitt gode fotball-lag i klassen 99/00 nr tre. Vi gratulerar alle med flott innsats, og elles alle som stilte frivillig opp for klubben med køyring, o.a.
image
Sjølv om treningaktiviteten i friidretten har vore heller laber siste åra, så gjer likevel utøvarene som stiller i konkurransar for laget, det svært bra. For å ta eit nytt skritt, er kanskje tida no inne for å starta oppatt friidrettstreninga igjen?
Gje gjerne ditt synspunkt på dette.
Vi ynskjer deltakarane i Trio-stafetten og alle i Rosendal TL ein «forhåpentlegvis» strålande 17. mai.

Sjå elles IL Trio sin omtale av eige arrangement; 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

4 + three =

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.