God jul og Godt nyttår

Eit nytt hendingsrikt år ligg snart bak oss med stor aktivitet mellom små og store. Gode treningar og fleire glimrande lagsprestasjonar i NorwayCup og serie, i tillegg til mange flotte individuelle idrettsprestasjonar har utøvarane gitt oss. Stor takk til dei fine idrettsungdomane våre for dette!

Men utan stor dugnadsinnsats frå foreldre, tillitsvalde, lagleiarar, trenarar, andre eldsjeler og grupper, og våre trufaste samarbeidspartnarar og sponsorar – så hadde dette vore uråd.
Saman bidreg alle til at Rosendal Turnlag er ein god og inkluderande møtestad.

Med dette vil vi takka for årets innsats, og vi ynskjer alle i og rundt laget God Jul og Godt Nytt År!

Med gode helsingar frå

Hovudstyret i Rosendal Turnlag
Jostein Hatteberg, leiar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.