God serieopning av G12

Rosendal G12 opna serien 2013 med heimekamp mot Odda Blå. Dette laget har vi spelt mot før og vi visste at det ikkje var lett å scora op dei. Kampen starta forholdsvis jamt, men Rosendal var litt tammare enn Odda.  

 


Dette resulterte i to kjappe mål til Odda midt i fyrste omgong. Gutane frå Rosendal beit tenna saman i motvinden og scora fyrst eitt for så å utlikna like etterpå. Odda gav seg heller ikkje og gjekk opp i leiinga like før pause.

 

Pausen vart nytta til bananeting, drikking og litt taktikk. Taktikken var enkel, fyrst på kvar einaste ball. Det tok ikkje lange tida før vi utlikna til 3-3 og no var gutane i gong. Etter halvspelt omgong leia vi 6-4. Vi fekk ballen til å rulla og spelte mykje god ftball som resulterte i fine mål. Kampen enda 8-4 til heimelaget og det ser lovande ut med omsyn til kommande kampar.

Desse var med mål i parantes:

Torbjørn Haugland Næs, Sander Seim Myklebust (1), Harald Myklebust Lekva, Sindre Mathias Bjørgen Jegteberg, Erik Hjelmeland, Lars Bondhus Bjordal, Espen Andre Jonassen, Tord Guddal, Jonatan Eskeland (1), Torstein Kristiansen Olsen (2), Jaran Jensen Eide (3). i tillegg til desse målscorarane scora Odda eit sjølvmål.