God sesongavslutning for G10

Gutar 10 år var i ettermiddag på Halsnøy og spelte to kampar. Fyrste kamp var mot Trio sitt eine 2001 lag. Her vart det ein jamn kamp som vi til slutt vann 4-3.


Kamp to gjekk mot Trio 2002. Dette er eit særs godt lag og det vart ein spanande kamp. Vi kom under 1-0 ganske tidleg, men gjekk ganske snart opp til 1-1. Så fylgde laga kvarandre opp til 3-3. I sluttminuttane putta Trio det avgjerande målet og vann 4-3.

No tek vi siste trening kommande mandag for sesongen, og gler oss allereie til å spela nye kampar til hausten.