God start på haustsesongen
Rosendal 2 J16 starta laurdag haustsesongen borte mot Austevoll/Selbjørn. Etter ein jamn første omgang, vart vi pressa i andre. Vi er godt nøgd med reisa frå Austevoll med 1-1, då Austevoll/Selbjørn hittil har vunne alle sine heimekampar.
Austevoll/Selbjørn er eit av to lag som har skilt seg ut på topp i vår gruppe. Etter å ha tapt 5-3 heime i vår var det ein spent gjeng som reiste til Austevoll for å spele kamp. Austevoll/Selbjørn hadde før denne kampen scora 66 mål på 9 kampar og taktikken vår var først å fremst å stogge nøkkelspelare på deira lag, samtidig som vi satsa på å fore angrepet vårt med gode løpeballer.
Første omgang vart jamn. Både vi og heimelaget produserte nokre sjansar, som ikkje vart farlege. Omgangen såg ut til å ende 0-0 heilt til heimelaget fekk eit mål etter eit innlegg som gjekk via vårt forsvar og i mål. Dette var det siste som skjedde i denne omgangen. Jentene lot ikkje dette få noko innverknad på kamplysten. I pausen vart vi enige om å kjøre samme taktikk i forsvar, men prøve å hjelpa kvarandre meir i angrep.
Det såg ut som om målet i første omgang tente heimelaget, og dei tok meir og meir over utover i andre omgangen. Eit godt forsvar saman med ein god målvakt hindra dei mål. Mykje av vårt eige angrepsspel vart avblåst for offside, men dei siste ti minuttane fekk vi ein del farlege angrep på rad og fem minutt før slutt fekk vi satt inn utlikninga etter fint spel på venstresida.
Det vart til slutt ein nøgd gjeng som reiste heim att til Rosendal. Det er kjekt å lykkast når laget føl taktikken. Forsvar og målvakt gjorde ein så god jobb at vi på ein heldig dag kunne vunne kampen, utan at det ville vert rettferdig.
Desse var med: Thea A Helgesen, Marit D Guddal, Astri M Skeie, Anne Marte M Richardsen, Juni Malene S Ulvesæter, Nathalie S Olderkjær, Renate Alfarnes, Mone Andrea T Førland, Mariell V Gjuvsland, Ingeborg S Ljostveit, Julie S Olsen, Elisabeth Rebaudo, Maria O Hardeland, Eirin Hegland
Målscorar: Julie S Olsen