Gutalaget vann over Bremnes

Mandag kveld var det klart for gutalaget sin siste kamp for sesongen, mot Bremnes (3. div, avdeling 4). Begge lag låg på øvre halvdel av tabellen før kampen, og vi kunne difor vente oss ein jevn kamp.  Begge lag låg likevel godt etter Halsnøy som leder pulja etter seks strake sigrar.


Vi hadde mange skader i laget, og stilte difor med berre 12 spelarar, inkl. 2 innleigde spelarar frå 96-laget.  Vi rekna difor med at det kom til å bli tøft, men gutane var innstilt på å gje alt. Håvard Furdal, Sondre Eskeland, Njål Hatteberg og Erik Brakstad var alle skada, medan Benjamin Ripel og var forhindra, slik at vi var betydeleg svekka før kampen.  Vi stokka litt om på laget til denne kampen for å få betre samspel mellom sentral midtbane og forsvar.  Som vanleg stilte vi med Andreas Huse i mål, som midtstopparar starta Jonas Havnerås og Vegard Iversen, medan Anders Straume og Øyvind Skåla var sidebacker.  På midtbanen spela Hans Fredrik Zimmer og Martin Hauge på kvar sin kant, medan Eirik Berge og Håkon Skeie spela sentralt på midtbanen.  Framme i vårt standard 4-4-2 system starta Joakim Olsen og Jonas Bewer.  I løpet av kampen kom Johannes Guddal inn for Anders på backen, medan Jonas-ane byta plass i andre omgong.

Vi starta litt famlande, men fekk etterkvart grepet på kampen, og vi produserte ei rad store sjansar, men ballen glei av foten når vi skulle skyte, vi nådde ikkje fram i avgjerande situasjonar.  Bremnes hadde og sine sjansar, men Andreas rydda som vanleg sikkert opp i mål, med fleire gode redningar.  Etter litt tafatt forsvarsspel kom så Bremnes gjennom midt i 1. omgang og satte inn 0 – 1 frå kort hald.  Kampen bølgja så fram og tilbake, før vi klarte å utligne mot slutten av omgongen etter at Hans Fredrik slo ein corner som Jonas B. sette kontant i mål.

I andre omgong fekk vi meir grep om spelet, og vi hadde tru på at det skulle gå vegen.  Men nok ein gong er vi tafatte i forsvar, og Bremnes kjem gjennom og scorar, og stillinga er 1 – 2.  Ikkje lenge etter er vi à jour igjen etter at Joakim kjem fri på høgre sida, går aleine mot mål og scorar sikkert til side for keeper.

Vi fortset å produsere sjansar, og midt i 2. omgong er Jonas H. igjennom og skyt hardt oppe i mål, og vi er i leiing for første gong i kampen, 3 – 2.  Rett etter er det Jonas H. som er tilretteleggjar når han headar eit langt framspel ned til Joakim som på eit fint løp inn i 16-metaren til Bremnes scorar sikkert sitt andre mål i kampen, og vi ledar 4-2. 

Etter dette slappar vi litt for mykje av, og Bremnes tek meir over.  Andreas har i denne perioden ei særleg god redning på eit godt langskot som eg trur dei fleste tilskodarane ”såg” i mål.  Han landar forkjært, og skadar seg i handa, men bit i seg smertene og fullfører kampen på ein fin måte. 

Mot slutten av omgongen klarerer vi dårleg i forsvar, og eit skot går over Andreas og i mål.  Dei siste minuttane vert det litt nervøst, og den myndige dommar Tor Øystein Havnerås må dele ut 4 gule kort, 3 av dei til heimelaget.  Det kjem ikkje fleire mål, og kampen endar med 4 – 3 siger til Rosendal, og vi klatrar opp på 2. plass på tabellen.  

Andreas Huse er nok ein gong vår bestemann med sikkert keeperspel og mange flotte redningar.  Vi gler oss no til haustsesongen, og satsar på å bite godt frå oss vidare og.


Kampreferat frå trenar Per Inge Olsen