Gutar 10 år vann sine to kampar
Gutar 10 år var i går i aksjon på Husnes på den fyrste av 5 seriedagar for sesongen. 2 kampar stod på programmet for kvelden og det var mot Trio02 og Uskedal01. Trio02 er eit knakandes godt lag med spelarar som er 9 år.
Sist vi møttest (inneturnering på Husnes) tapte vi knepent 1-0. Gutane våre var fast bestemt på at dette skulle revansjerast denne kvelden. Før kampen vart vi einige om å ligga tett oppi spelarane og kjempa hardt. Dette viste seg var ein bra taktikk. Vi vann heile 8-1 over Trio og gutane var vel nøgd.
Andre og siste kamp gjekk mot Uskedalen. I fyrste omgang såg det litt ut til at gutane var ferdig med spelet sitt etter Trio kampen og det vart ein jamn omgang. I andre omgang vakna gutane til igjen og vi vann til slutt 6-4.
Neste turnering er 1. juni. Fram til då skal vi arbeide litt med å ikkje la oss lure av ein finte eller to.