Gutar 13 på kretslagssamling
Gutar 13 var på kretslagssamling i Bergen, søndag 10.juni-12 i strålande sommarver. Emil Bakke Berntsen, Kristoffer Eskeland og Mathias Øye Guddal var dei tre utvalgte til å visa seg fram frå Kvinnherad.
Gutane spela på samme laget og spela mot fire andre 11’er lag sammensatt av dei beste frå mange andre klubbar i Hordaland. Dei bidrog godt til at laget sitt vann 2 kampar, spela ein uavgjort og fekk kun eit tap. Dei måtte visa seg fram i ulike roller på banen, og dei fekk erfaring med at på dette nivået er det bånn gass heile tida mot svært gode spelarar.
![]() |
![]() |
Mathias i fint driv med lavt tyngdepunkt, |
Kristoffer med fullt fokus|på ein god pasning framover på banen. |
Emil trør til i midtstoppar rollen, med Kristofer like bak som 2.forsvarer.