Gutar 14 klarte igjen å gå heilt til topps i Zinken cup i Odda

Vi stilte med to lag i Oddahallen, og det var Roendal City (Martin, Ørjan, Espen, Erlend, Jarand, Kristian og Deimantas) som spela først. Dei starta noko nervøst, men spela seg betre for kvar kamp. Frå tap 0-4 og 1-3 i dei to førte kampane, tok dei eit kollektivt løft og presterte mykje betre dei to siste kampane i pulja, med uavgjort 1-1 og seier 4-2 i siste kamp.


Det var mange som  scora i dag. Deimantas scora målet i 2.kampen, Erlend scora i 3. kampen (to gode og knallharde skudd frå begge to). I siste kampen var det mange som ville visa seg fram, alle viste stor arbeidsinnsats med mykje godt lagspel. Kristian scora to, mens Martin og Espen scora eit mål kvar. Sjølv om det ikkje holdt til å gå videre til sluttpelet, så var det svært positivt å sjå at gutane viste jevn og god utvikling frå kamp til kamp.

Rosendal United (Ian, Mathias, Kristoffer, Emil, Sondre og Karsten) fekk knalltøff motstand allerede i gruppespelet, men klarte å få dei små marginane på si side og vant første kamp 2-1, mot det beste Harding laget, etter gode scoringer av Emil og Kristoffer.

I andre kampen vart det igjen knepen seier, 4-3 mot Odda 3.  1.målet kom etter flott klikk-klakk samspel mellom Emil og Sondre som var på topp, der sistnevnte satte ballen i nettet. 2. målet var det Emil som satte og 3. målet stod Sondre bak, begge måla etter gode gjennompel frå Mathias. 4. målet var det Sondre som fiksa på eigenhand med god kriging og beluttsom avslutning.

I 3. og siste kamp i gruppespelet  mot Trio visste gutane at dei ville bli puljevinnarar med uavgjort. Det blei ein mållaus kamp (o-o), og vi klarte målet om å vinna pulja. Vi var klare for kvartfinale mot Odda 1, og vi bestemte oss for å la dei to som spela bak (Kristoffer og Mathias) bytta plass med dei to som spela framme (Emil og Sondre), både for å veksla på å spela på dei mest arbeidskrevande plassane, men og for å gje alle allsidig erfaring. Dette viste seg å vera eit lurt trekk, og det blei i alle fall ingen tvil om kven om skulle til semifinalen. Kun 10 sekund var gått før Mathias spela Kristoffer fri og han satte i gang ein målrik kamp med 1-0. 2-0 kom etter knallhard corner frå Sondre, som Mathias fekk knalla videre rett i nettet. Mathias fortsatte like godt med å laga to til og hattrick, før Kristoffer fiksa 5-0, og Mathias avslutta med enda ein hattrick til 8-0 etter å ha gjort Odda gutane rimelig svimle. No var neste steg å nullstilla seg igjen før ein knallhard semifinale mot eit svært godt Odda 2 lag (med bl.a. 2 stk. på sonelaget).

Det blei ein jevn og knalltøff batalje for gutane, som begynte å kjenna på både kramper , overtråkkskader og strekk. Men i motsetning til f.eks. Odda lagene så hadde vi kun ein ekstra innbyttar, og det gjer prestasjonane til desse gutane endå betre.  Det var kun gått 3 min. då Mathias fyrte eit skudd like over tverr. Etter 4 ½ min. fekk vi indirekte frispark etter at keeper tok ballen med hendene etter tilbakespel. Mathias toucha til Sondre som fyrte laus rett i nettmaskene, og jubelen stod i taket. Reultatet holdt seg og vi kunne jubla over å vera eit steg nærmare vårt endelige mål. På andre banehalvdel stod enda eit sterkt Odda lag i finalen. Kun 1 ½ min. var gått då Mathias lagde sitt beste mål for dagen, med dragning og skudd rett i nett taket. Odda 4 klarte å utligna etter 5 ½ min. og det blei også sluttresultatet.
Med uavgjort på cornera også hadde vi delt 1. plassen  med Odda 4. Gjengen har gått heilt til topps to år på rad og det er veldig bra. 

Yngve