Gutar 14 tok gull på Trio cup for 2.året på rad
Vi stilte igjen med to lag, R.dal United og R.dal City. City laget med Ørjan, Espen, Kristian, Jarand, Martin og Karsten, spela mykje bra fotball med stor innsats og to fine mål av Kristian og Martin. Mot gode lag i pulja blei det ikkje videre avansement for dette laget.
United laget med Ian i mål, og Torgeir, Kristoffer, Sondre og Emil i første femmeren, med Karsten som innbytter, viste at dei hadde skumle planar allerede frå 1.kamp. Det var Emil som åpna scoringsprotokollen med eit godt frispark mot Odda 2 laget, som kkje hadde tenkt å gje seg så lett og utligna til 1-1. Men gutane veit kor viktig det er med seier i 1.kamp i slike cuper no etterkvart, og nekta å endra på den statistikken. Sondre og Emil scora kvar sin gong, begge etter cornere, og dermed hadde vi igjen eit godt utgangspunkt etter 1.kamp. Røldal (som seinare kun var eit myntkast frå å gå til finalen) blei feid av banen i 2.kamp og gutane leika seg til 5-1 seier etter godt spel, og scoringar av Emil (1), Sondre (3) og Kristoffer (1). Ian stod godt i mål og Torgeir bidrog sterkt til å unngå fleire baklengsmål. I 3.kamp møtte gutane Stord 1, og dei fekk seg nok ein overraskelse då dei blei feid av banen med 0-5 i bagasjen. Her var det igjen solid keeperarbeid frå Ian, godt forsvarsspel frå Torgeir, Karsten og Kristoffer, gode assister frå Emil til Sondre som fekk gleden med å putta 3 mål, i tillegg til Kristoffer sine to mål i denne kampen. Då var laget igjen til ein ny kvartfinale og klare for vinn eller forsvinn.
Trio G13 kjempa godt og holdt nullen til halvvegs spelt kamp, men då måtte dei sjå 1. ballen i nota bak seg etter at Kristoffer knalla til. Sondre satte spikaren i kista då det gjenstod ½ minutt, med ein frekk tunell på keeperen.
Med Halsnøy som motstander i semien visste vi at det ville bli vanskelig å scora mål på ein utrulig god Magnus mellom stengene i Halsnøy målet. Men gutane var bevisste på å ta ledelsen på cornera og det blei avgjerande då det blei som forventa ein mållaus kamp, mot Halsnøy med sin levande vegg som sisteskanse.Det blei 4-1 seier på cornere og G14 tok seg nok ein gong til finalen.
Dermed var det duka for ein reprise med dei to samme finalelaga som møttes i finalen for ei veke sidan i Zinken cupen, der det som kjent blei uavgjort i finalen. Gutane har no erfaring med jevne kampar, små marginer og at med rett vinnervilje kan det mest utrulige skje og ingenting er avgjort før fløyta går etter 13 minutt. Det skulle igjen visa seg å stemma og det blei ein vannvittig spennende og underholdende finale til siste sekund. Etter å ha fått feilaktig dommarannulering av eit kanonskudd frå Torgeir i tverr og inn, der dommar ikkje såg at ballen var innenfor streken, stod det fortsatt 0-0 då det gjenstod kun 30 sekund av kampen, og stillinga på cornere var då 1-1. Då starta dramatikken for alvor med at Sondre blir utvist etter ein tackling. Odda gjer seg klar til frispark på vår banehalvdel med ein spelar meir på banen (og kanskje litt for optimistiske ?). Etter klarering i feltet snappar Torgeir ballen i kjent stil, fossar opp og over midtstreken, før han slepp ein glimrande pasning til Kristoffer, som har tatt ut sine siste krefter på dette kontringsløpet.Og då det står 12.58 på tavla og viser 2 sekund igjen av kampen, avslutter Kristoffer dette fantastiske forarbeidet av Torgeir på best mulig måte med å knalle ballen i nettet og cupen er ferdig !!! Gutane har igjen gått til topps og vist ein enorm vinnarvilje og lagmoral.
Yngve.