Gutelaget i medvind!

Gutelaget tok torsdag kveld i mot Bremnes 3. Dei hadde få spelarar tilgjengelige så dei måtte låne jente/damelagsspelaren Tina Skår. Gutelaget var klart betre enn bømlingane, og vann fortent 6-1.


Rosendal tok tidlig tak i kampen, men det tok litt tid før den fyrste sjansen kom. Den kom etter at Sondre la fint inn til Jonas som fekk heada mot mål, diverre glei ballen av hovudet og gjekk ein god meter utanfor målet til Bremnes.

1-0 kjem etter at Johannes T. spelar Sondre fri, som sikkert set inn scoringa frå spiss vinkel. Etter dette utlikner Bremnes etter eit komisk sjølvmål av Rosendal. 2-1 kjem etter at Håvard og Sondre vinn ballen på midten, og sistnemnde, spelar ballen til Jonas som set inn Rosendal sin andre scoring i kampen. 3-1 kjem etter at Jonas headar til spisskollega Johannes T. som scorar sikkert. Rett før pause set Hans Fredrik inn ei scoring etter eit flott skot utanfor 16 metaren. Dette er og pauseresultatet.

I andre omgang scorar Rosendal to mål, begge signert Jonas. 5-1 kjem etter at Håvard spelar Jonas gjennom som etter litt «klabb og babb» scorar. Sluttresultatet 6-1 kjem etter at Jonas utnyttar ein forsvarstabbe i gjestene sitt bakre ledd.
Elles ein stor takk til Tina Skår som er så sporty og seier ja til og vere med i dag. Det er ikkje lett og spele gutefotball som jente, men dette meistra Tina glimrande. Flott innsats!

Rosendal si lagoppstilling:
Nikolai – Martin – Stian – Joakim- Hermund – Henrik – Sondre – Hans Fredrik – Hermund – Johannes T. – Jonas
Innbytarar: Håvard, Joachim og Johannes G.