Gutelaget vann 10 – 1 mot Odda

Gutelaget hadde treningskamp mot Odda2 tirsdag 13.03, heime i Rosendal. Det var liten tvil kven som skulle gå sigrande av banen allereie frå starten. Simon Korttila var i storform og putta i alt 9 mål denne kvelden. Vi var flinke til å komme rundt på kantane, særleg på venstrekanten.


Hans Fredrik Zimmer var vanskeleg å stoppe, og varta opp med storspel. Særleg eitt innlegg var av meget høg klasse. Simon avslutta kontant med ein flott heading i mål.

Sondre Eskeland og Håvard Furdal tok ansvaret på midtbanen, og spelte fram stikkarar i bakrommet til spissane. Håvard hadde og eit flott langskot frå ca. 20 meter som gjekk i mål.

Forsvaret med stopparane Kurt Raymond Jegteberg og Johannes Guddal, klarerte godt og var flinke til å spele opp på backene og sentralt på midten slik at vi holdt ballen i laget.

Vegard Ripel og Alexander Fredheim storspelte som backer. Tross storsiger 10-1 , så fall vi mykje ned i deler av 2. omgang. Stillinga var 8-1 til pause. Det ble etterkvart noko tøft spel, noko som fort fører til unødvendige skadar, og det fekk vi diverre. Sondre,Håvard og Simon måtte gje seg.

Desse var med: Eivind Bjørnebøle,Cato Miljeteig, Vegard Ripel, Alexander Fredheim, Johannes Guddal, Kurt Raymond Jegteberg, Håvard Furdal, Sondre Eskeland, Jakop Tveit, Vegar Bauge, Hermund Døssland, Marius Myklebust, Sander Nes Huke, Eirik Fausk, Hans Fredrik Zimmer, Simon Korttila og Eivind Haavik.

Trener G16
Raymond B Olsen