Gutelaget vann 4-3 mot Rubbestadneset
Gutelaget tok torsdag kveld i mot Rubbestadneset. Etter ei veke med litt sjukdom i laget, var det godt at Njål meldte seg til teneste.
Kampen mot Rubben startar nett som mot Trio førre veke. Allereie etter eit minutt glepp det i markeringane på eit frispark og Rubben set inn 1-0. Etter dette våknar heimelaget, og spelet føregår på Rubben sin banehalvdel. Fyrste store sjansen kjem etter at Sondre rundar eit par mann på venstresida, og set fart inn mot mål. Eit godt skot frå rundt 16 meter, blir slått til corner av bortemålvakta.
På den påfølgjande corneren kjem utlikninga. Rubben slit med å få klarert, og etter mykje klabb og babb i sekstenmeteren, er Jonas på rett plass til rett tid og tuppar inn 1-1 på Arild Sundgot vis.
2-1 scoringa er vakker! Sondre drar seg inn frå høgresida, og dundrer ballen i lengste hjørne. Dette er det bare han og Messi som klarer, 2-1 vart også pauseresultatet.
I andre omgang fortsetter heimelaget å dominera, 10-15 min. ut i omgangen legg dei på til 3-1. Jonas er høgast i duellen på eit utspark frå bortelagsmålvakta, Håvard snappar andreballen og spelar ballen fint til Sondre, som set inn 3-1 med ei fin avslutning.
Så er det Joakim sin tur til å scora. Hans Fredrik slår ein flott corner, der Joakim kjem flygande og stanger sikkert inn 4-1, flott scoring! Dei fleste tilskodarane trur no at kampen er avgjort, og det verkar som laget trur det og. Men Rubben kjempar seg til to scoringar, den siste kunne, og burde ha vore unngått. Fleire scoringar kjem det ikkje, og gutelaget tar ein viktig siger i kampen om puljesigeren.
Desse starta:
Nikolai – Johannes G – Stian – Joakim – Hermund – Njål – Jonas- Håvard – Hans Fredrik – Sondre – Johannes T.
Innbytarar: Simon, Henrik og Kurt Raymond.