Gutter 13 gjekk heilt til topps i Trio Cup
Og med det gjentok vi suksessen frå forrige måned, der vi vann Zinken Cup i Odda. Vi stilte med to lag i dag, og mens det eine laget tok 1.plassen, kom det andre laget til semifinalen, som dessverre blei prega av at fleire av spelarane blei skada samtidig. Det medførte at det blei ein tung kamp og litt nedtur etter å ha spela ein del betre i dei foregåande kampane.
Målet om å få begge lagene til ein innbyrdes finale lykkas ikkje heilt, men med hårete mål så oppnår ein i alle fall ein heil del, og totalt sett så må vi sei oss godt fornøyd med dagen.
Vi fekk med oss enda ein lagspokal, etter mykje godt spel og tøffe tak mot 4 Odda lag og 3 Trio lag.
I finalen slo vi eit av Trio sine lag med 3-1, etter scoringer av Sondre Myklebust (2) og Emil Bakke Berntsen (1). I andre enden av banen var Olav Lernes også ein matchvinnar med mange spektakulære redningar, spesielt i semien der det blei seier 1-0 mot eit Odda lag.
Mvh Yngve A. Guddal
(trenar for G13).