– Hajime!
Japanske ord ljomar mellom veggene. Barn og unge lærar å kaste kvarandre i bakken og å halde motstandaren i ro. Slik føregår judotreninga på Seimsfoss. Onsdagar blir gymsalen på Seimsfoss forvandla til ein japansk dojo, ein slags treningshall om du vil. Mellom 30 – 40 barn og unge, i alderen 10 – 19, samlast ein gong i veka. For å lære seg judo. Ungdommane går som maur inn og ut av garderoben. Dei hentar matter og legg dei ut over golvet i salen. Det brune treverket i golvet blir dekka av raude og grå matter.
– Då kan de stille dykk opp mot veggen, ljomar det frå instruktør Trygve Torjusen i Rosendal Turnlag. Dei små sokkekledde beina piler mot ribbeveggen. I midten av rommet stiller Trygve seg, saman med instruktør Ali Heshmati. I kvite judoklede står dei der, og har fått full merksemd frå ungdommane. Dei står som perler på ei snor tett inntil ribbeveggen, og er så mange at det nesten ikkje er plass til alle i breidda. Instruktørane set seg ned på kne, og ungdomane gjer det same.
– Rei, seier instruktørane i kor og tar eit djupt bukk på matta.
I judo er bukket, rei, viktig. Ikkje berre som ei helsing, men for å vise kvarandre respekt. Dei to får djupe bukk tilbake frå ungdommane. Med det var formalitetane over og det er klart til at treninga kan byrje.
På mage og rygg
– Då spring vi nokre rundar rundt i gymsalen, ropar instruktørane.
Alle føl etter. I sirklar spring dei, og det heile minner om ein vanleg gymtime. Latteren og praten fyller rommet. Dei spring sidelengs og barna ler og ser ut til å kose seg. Det er nesten så ein får lyst å bli med sjølv.
– Når eg klappar ein gong legg de dykk på magen. Klappar eg to gonger, legg de dykk på ryggen, instruerer Trygve.
Nokre oppgitte tilrop får han. Men dei forsvinn fort. Han klappar ein gong og barna hiv seg på magen. Så snart dei kjem seg på beina att og har byrja å springe, klappar han to gonger til. Dei kastar seg på bakken medan dei ler. Trass i latteren frå dei unge, må bladfyken ærleg innrømme han er glad han slepp.
De-ashi-barai
Oppvarminga fortset. Her er det ulike øvingar i fleire former. Heile kroppen skal varmast opp og intimgrensa brytast ned litt om gongen.
– Då skal vi øve oss på eit kast. Hugsar de det vi øvde på førre gong, spør Trygve
Nokon stiller seg i kampstilling nærast med ein gong, og har tydeleg hugsen på plass. Andre er derimot med for fyrste gong, og kastet blir derfor repetert. Det heiter De-ashi-barai. Her tar ein fire steg, før ein skal sparke vekk beinet på motstandaren slik at han går i bakken.
– De må berre stå tettare mot kvarandre, og ikkje sjå på beina dykkar når de går, oppmodar instruktøren.
Latteren sit laust, til lyden av barn som går i bakken. Nokre aldersgrupper syntest kanskje at nærkontakt er litt pinleg. Deltakarane byter motstandar jamt og trutt. Dersom nokon plutseleg står utan kampkamerat, varer det ikkje lenge før instruktørane finn ein. Tilbakemeldingar får ungane heile vegen. Både individuelt og felles.
– Her var det mange fine kast å sjå. Det er viktig å hugse på å ikkje sleppe taket når du kastar. Då misser du kontrollen, seier Trygve.
Held kvarandre nede
Etter å ha fått betre kontroll på kasta, skal dei lære seg korleis dei kan halde motstandaren nede. I judotevlingar kan ein vinne kampen ved å halde motstandaren nede i 20 sekund. Ali Heshmati blir prøvekanin, medan Torjusen demonstrerer teknikken.
– Når eg har beina spreidd på matta slik, gjev det meg meir balanse. Om eg bøyer hovudet mitt slik, klarer ikkje han å få tak i det med beina sine heller.
Grepet heiter Hon-kesa-gatame. Ali Heshmati prøver så godt han kan, men klarer ikkje å rikke Trygve.
– No kan de prøve, men fyrst må de hugse på nokre reglar i judo. Det er ikkje lov å bite, slå eller lugge motstandaren. Ein kan heller ikkje ta handa i fjeset til nokon for å skubbe det vekk, fortel Trygve.
Medan han minner deltakarane på reglane er det ikkje ein lyd å høyre. All merksemd ligg på instruktøren, slik det er heile kvelden når han tek ordet.
– Dersom ein ligg i ei vond stilling eller vil gje seg, så skal ein slå motstandaren forsiktig to gonger. Om den vi kjempar mot gjer dette mot oss, skal vi alltid gje oss, seier han.
Når nærare 35 barn og unge skal bruke kreftene til å halde kvarandre nede, kan det nok fort gå gale. Det gjer det ikkje denne kvelden. Måten dei behandlar motstandaren sin er nesten profesjonell. Når dei er ferdige å øve på teknikken, er det tid for ein leik og to.
Før dei raude og grå mattene forsvinn like snart som dei blei lagt ut.
Tekst og Foto: Torstein Lund Eik – Grenda