Haldningskampanje

Styret i Rosendal Turnlag Fotballgruppa vil framøve leggja fokus på haldningar på og ved fotballbanen. Det er spesielt banning og ukvemsord ein vil prøve å verte kvitt. Det vil difor verte forbode å banne og å bruka ukvemsord på og ved fotballbanane! 
Styret meiner ikkje det er meir eller mindre banning rundt fotballen i Rosendal, men ynskjer å setja fokus på problemet, og oppfordra alle klubbar om også å setja igang tiltak. Spre budskapet til alle!