Haustlotteri
Rosendal Turnlag Fotballgruppa er no i gong med det årlege haustlotteriet. Salet har starta, og vinnarane vert trekt på avslutningsfesten i Samfunnshuset 23. november. Det er 15 gevinstar, og mykje bra å vinna. 1.gevinst er iPad til kr. 5 100, 2. gevinst er ein flott gassgrill til ein verdi av kr. 3 600, gavekort frå Peder Baker m.m. Her er det berre å ta lodd og håpe på at ein er blant dei heldige som vinn. Me kjem til å selga lodd blant anna på Varehuset Rosendal, i butikken på Seimsfoss, samt at vi går rundt og sel.